Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Merk mine ord, åleinemor

Publisert 2013-02-04 16:27:44, sist endret 2013-02-14 15:19:51

Merk mine ord, åleinemor

Amming (eit foto tatt frå Google images)
Språkåret heiter det, språkåret 2013 er starta. Er det litt mindre konkret enn kvinnene sin røysterett, kanskje; men det kan likevel bli eit godt referansepunkt. Forfattaren Kristin Auestad Danielsen skreiv eit av dei første konseptuelle norske diktbøkene, nemleg Nynorsken i 2007, eit verk som er eit lite språkår i seg sjølv.

Så gav Auestad Danielsen i fjor ut den bråe diktboka Merk mine ord, åleinemor. Når eg fekk denne utgjevinga i hende, kunne eg lese tvers igjennom, enda det er ei alvorleg bok. Årsak: Ei bortimot konseptuell tilnærming til åleinemora sin situasjon. Dette grepet ligg nok nært for forfattaren, som altså har gjort overraskande og god litteratur med liknande grep før. Likevel må eg seie at ikkje berre mange stilartar, men også ei rekkje tema og motiv er aktuelle for dette prosjektet, noko som understreker at åleinemora må bale med motstridande hendingar og tankar.

For fullt startar rolla som åleinemor ved barnefødselen: fødselen er alt skjedd i diktboka si opning. Her skal vi sitere side 11. Når ein les boka Merk mine ord, åleinemor, så verkar inn, ikkje minst, ein rytmesans, som smittar:


Ho knelte ned som var det ein skogbotn,
som var det for å høre røtene gro.
Ho knelte ned mot det sovande barnet,
som var det eit alter, som var det ei grav.

Ho la munnen mot den sovande foten,
som var det ein mosegrodd stein.
La halsen opp mot ein himmel,
vise Gud jekslane, drøvelen, gapet.



Ja, ho syng, forfattaren, med fleire slags nyvers - og er medviten om verkemidla. Dette er avantgardisten sin fulle fridom: å bruke stil fritt og ta frå øvste, eller lågare, hylle. Samtidig er diktet reinska for sentimentalitet, sentimentalitet som lett kan følgje med litterær skildring av ein nyfødd unge.

Andre forfattarar har skrive om moderskapet før på ein likeså ikkje-sentimental måte, det har skjedd i dikt- eller romanform. Auestad Danielsen følgjer opp denne tradisjonen og utvidar han ved å ta opp den i dag meir udefinerte og skeive åleinemorrolla.

Ja, det einsame og til dels kaotiske åleinemor-tilværet. Men det er ikkje det økonomiske som er temaet, ser eg. Derimot presist skildra kjensler heile tida. Forfattaren trur på kjenslene som blir uttrykte gjennom nye og til dels slusa overraskande bilete. Eg vel eit dikt som rommar heile kapitlet «Elv», på side 65:


Hei elv. Du inneheld
alle dei døde borna og flodhestar.
Nøkkane vil dra mat ned i mudderet.
Langhåra kvinner og redde born
med huer som ber namnet deira.
Nora, Lasse og Julie.
Du elv, du renn så raskt,
du tåler piggar, gitter, is.
Du tåler syklar, handlevogn og gris.
Hei elv, vil du ete meg?
Du kjem med straumen din,
så fin han er.
Du kjem med paddebeibiar,
dei skal bli store ekle monster.
Hei elv, har du ein mann der?
Ein mann eg kan få,
som kan passe på,
som kan ordne alt,
som snøfnugg har han dalt
frå sky
og han ligg der i ly,
hjå deg, elv.
Hei elv,
eg er i nød.
Ver så snill hjelp.
Falde hendene, knyte ansiktet saman til ein slags rosett.



Likevel kunne ein lesar, når åleinemor-rolla først dukkar opp breitt i ei ny norsk diktbok, sakne fellesmøtet med andre åleinemødre, om dei enn skulle vere få åleinemødre i nærleiken. Dette er ein kritikk mot bok-komposisjonen. Eller så kunne ein lesar sakne møte med andre slags vanlege spebarnsmødre, deisa møte for slik å halde oppe spenninga i opplegget og utforske temaet så langt som ein kan vente og håpe å kome.

Slik som fleire poetar i tida - denne forfattaren kjem frå Gjesdal, aust for det svære og sterkt ekspensive bysentret Sandnes - så er Kristin Auestad Danielsen, i alle høve, ein fin og alvorleg humorist, og ho er kanskje representant for generasjonen som ikkje mytologiserer seg sjølv fullt så mykje som vi blei vane med i litteraturen. Auestad Danielsen har teke dramatikarutdanning og fått oppført teaterstykke både i Danmark og Noreg, opplyser forlaget om. Også anna utdanning har ho, ser vi.






Ps 14/2-13:

Korleis har bokmeldingane vore? Her er Olaug Nilssens ferske kommentar til boka, i Dagbladet.