Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Jubileums-år sin poesi

Publisert 2013-01-15 11:13:21, sist endret 2013-06-25 09:01:50

Jubileums-år sin poesi

Korleis står det til med det norske stortinget i 2013?
Året 2013 er hundreårsjubileum for kvinneleg røysterett i Noreg. Eg sit med ei bok som er skriven av kvinner. Ein lesar som verkeleg har vore interessert i og følgd med på poesi som blei dikta rundt i verda og gjennom mange år, er Hanne Bramnes. Og ho var det som tok initiativ til bokserien «Stemmens kontinent», som Cappelen Forlag har gjeve ut. Hanne Bramnes har vore redaktør for denne serien. Serien har presentert kvinnelege lyrikarar frå alle verdas kantar. Og Bramnes er sjølv ein røynd gjendiktar i tillegg til å vere poet.




Hanne Bramness er gjendiktar for det samla Stemmer i andre hus.
No har Hanne Bramnes gjeve ut eigne gjendiktingar av 11 poetar, med tittelen Stemmer i andre hus. Stemmer - det er både noko personleg, men det er også å ytre seg, tenkjer eg... Interessant er det å sjå poetane plasserte i same band. Den omfangsrike boka på 186 sider kan sjølvsagt også fungere som ein introduksjon til kvar enkelt gode utanlandske poet, inkluderte dei som det alt finst gjendikta større utval av på norsk, i ei heil og separat utgjeving.







Hanne Bramness ho er poet sjølv.
Hanne Bramnes, som også er poet sjølv, ho vil vel nytte høvet, det innbiller eg meg, til å uttrykkje seg på ein litt annan måte når ho er gjendiktar, ja kanskje gjere det meir forteljande eller direkte enn poeten er van med å gjere på sitt eige norske diktspråk... Og kanskje kan norsk poesi lære noko av Stemmer i andre hus?

Dei 11 original-forfattarane i boka (ordna etter fødselsår) er:

- Mirabai
- Mina Loy
- Mririda N'ait Attik
- Denise Leverlov
- Jane Cooper
- Kamala Das
- Frances Horowitz
- Selima Hill
- Anne Waldman
- Frances Presley
- Teji Grover

Ein kunne sjølvsagt plukke og sitere dikt frå ulike av desse forfattarane, men eg vel å sitere nokre frå over midtvegs i boka, dikt Selima Hill er meister for, og først blir det to dikt som står etter kvarandre på kvar si side i boka:


ARMBÅNDSUR


Hun hører de små nettene inni det tikke
som stjerneløse netter i hemmelige ammunisjonslager

der kvinner med stramme krøllspenner på alle fire
snubler over hverandre i sin iver etter tilgivelse






INGENTING


Fordi hun er utkjørt
og forvirret

og ikke har lyst til å krangle,
og ikke kan snakke

drømmer hun om ingenting
i tusen år

eller det sjukesøstrene muntert kaller
ei uke


Selima Hill, som har uttalt at «ømhet (tenderness) er en enda mer forbudt følelse enn sinne», går vidare i dette diktet her:


HVER KVELD GJØR VI VÅRT BESTE FOR
Å ELSKE DEM


Hver kveld gjør vi vårt beste for å elske dem
og noen av oss gjør det faktisk!
De holder seg hjemme i varme par
og kryper sammen og ser timene gli forbi
som brett med jordbærsyltetøy og jordbærgelé.
og de som ikke gjør det
ser opp til dem som gjør det
og beundrer dem
slik en kan beundre pels
som gir inntrykk av å vite nøyaktig hva den skal.


Dikta av Selima Hill er henta frå boka Gloria: Selected Poems (2008). Dei to neste dikta som eg vel ut av engelske Selima Hill (1945-), dei står etter kvarandre (i Stemmer i andre hus) og er korte. Har ho ikkje også her i det korte ei sterk og direkte røyst, som gjendiktaren tar ut i ei munnleg form? Hanne Bramnes må vere stø i kvardagsengelsk.


GÅ FRA DEM


Gå fra dem.
De må aldri forstyrres.
Mødrene våre hatet alt vi sto for
og det gjør de også.
Ikke smil til dem.







MÅNEN


Den skinner over plenen.
Den skinner for meg.

Jeg vet at den gjør det.
Min mor vet at den ikke gjør det.






Ps 20/1-13

Kva er typisk norsk i dag, vil eg innom. Vi starta denne artikkelen med foto av Stortinget og av gjendiktaren Hanne Bramness. Dette er norsk, så langt. Å gjendikte poesi frå det store utland er norsk.

Det mest norske i dag er Kon-Tiki, det er (dei verdsomspennande) statsselskapa Statoil og Telenor. (Statoil opererer i seksti land.) På godt og vondt, kan vi seie. Og Karl Marx og Friedrich Engels ville observert og tatt ut begge delar.

Folk har ein uoversiktleg situasjon, men berre dersom ein ser raskt på det. Situasjonen er uoversiktleg fordi borgarskapen, med sine pengar og marknader og sitt lovverk, har komme så sterkt tilbake globalt etter 2. verdskrig i makt og mynde; proletariatet i verda minkar ikkje, men religiøse motsetnader blir haussa opp, og krigar blir førte som ei nesten sjølvsagt sak, om Vesten står bak eller stiller seg bak. Den norske notidige borgarskapen, operativ med statlege aksjar og fond, er av den mest internasjonale sorten og syner seg over alt på kloden med eitt formål: å auke sin eigen styrke... Så dermed skulle situasjonen likevel ikkje vere så uoversiktigtleg?