Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Leiken er poesinær

Publisert 2012-10-20 14:49:13, sist endret 2012-11-08 15:13:19

Leiken er poesinær

Makrell. Foto: Stuertsyndromet
Korleis er det med fiskefangst? I år det er mykje skrei og makrell. Makrellen spelar den einsame hovudrolla i ei ny diktbok, boka ÆÆÅ av Morten Langeland frå Kristiansand. Ho startar med noko som minner både om dialektlån og om jorda si skaping i norrøn eldgammal «Voluspå»-stil:


meteor
æller anna legeme
ga havtak te by og land


Vannmunn flomma
munnhell over
allfast grunn
Skillet mellom
land å hav
va vanntett


over havet æ eter me sola
Nedi havet æ djupet
vasne murer å
blaude kornkamre
Arkitektur grunnstøtte
i strauminga



Fleire ingrediensar i dette poetiske arbeidet ser vi fort i det vidare: Det munnlege (vettke nårr) og dialektale (flydende valuta). Leiken og eksperimentet er viktig. Musikk i lyrikken. På femte tekstside presenterer makrellen seg sjølv (og dei andre), og det byrjar slik:


æ æ å

æ æ makrell

æ æ me fler

se det sa mi å mi kalla oss mi

(...)



Ein skole i norsk lyrikk har stått fram etter 2000. Det gjeld å gjere leikande eksperiment med historiske norske språk. Opphavsmann er Øyvind Rimbereid. Nye poetar som er utøvarar på banen: Erlend O. Nødtvedt og Cornelis Jakhelln og Rebecca Kielland og Aina Villanger. Ein tradisjon for Jakhelln og debutanten Morten Langeland finst tilbake gjennom Kristiansand og Hellesund til Vilhelm Krag, med hans tradisjonelle rytmar kring nærmiljøet i strandsona for hundre år sidan.

Hesten Jimmen talar hos Rimbereid, hos Morten Langeland møter vi makrellen sitt oppdaga språk. Og kvifor ikkje. Men no med makrellen ikkje pratande samanhengande på eit arkaisk språk, men tidvist i retning dagens dialekt, inkludert innslag som «bøljan (blå)» og «Uhuru» (minner om Ibsens afrikanske spøk med Å.O. Vinje, i Per Gynt). Her er trykkstyrke: alliterasjonar som i tradisjonell lyrikk. Rett ut sagt ulike stillag: «Pust ud!». «Ugh». Og «i forflyd jøno mæ». I denne lyrikken er vekslande imitasjon ein hovudattraksjon.

Vi kan minnast matematikaren og språkpolitikaren Olaus Fjørtoft, som laga sitt eige lydhermande norske skriftspråk. Han var vestlandet sin anarkist. Eg tenkjer at, liksom vi i EU-landa ser provinsar og separatist-rørsler, så ser vi i Noreg stadig tilbakevendande provinsbølgjer. Årsak: Fordi Oslo ofte er bryåkratisk og ikkje lite provinsiell i seg sjølv.

Dersom ein berre les dikta hos Morten Langeland inne i seg, går lesinga i rykk, og tanken går fort imot «kaosdikt», eller kunne eg sagt imot kaosfisk kontra stimfisk som sym i takt. Og eg sakna sidetal i boka. Neste månad skal eg føye på ei vidare lesing av denne boka. Slik er nettet ein fordel for det som sym vidare.






Ps 29/10
(etter ein tur i Tyrkia):


Vi er tilbake etter ein turist-tur i Tyrkia, Kappadokia. Der smakte vi forresten på fisk med makrellsmak og dertil småaure i tillegg til kylling/lam. Innimellom såg vi ein del soldatar og blei ekstra mykje kontrollerte ved innreisa og utreisa. Denne vitjinga inneheldt mykje lang bussreise og generelt utfordrande gåing i «stim». Historiske tema var interessante... I Morten Langeland si diktbok ÆÆÅ øver makrellen seg på stim. Boka har denne kapittelinndelinga med fire overskrifter:
# I BYRJINGA
# STIMI
# ASTED I STRAUMINGA
# ATTERSTIMI
Mykje i boka følgjer ein slags parallell til utviklinga i livet til eit menneske. For samfunnet har også skapt og utvikla menneskestim, samfunnet har alltid hatt menneske i flokk. Og er dette med flokk bra eller dårleg? På den fjerde siste tekstsida i boka står det:



Vil stimi ta mæ te sæ?
Æ må løse det uløselige
leve med problema
døpe de
stimi mi




Ja, stimi mi er bra. Men eg har sett fiskestimar manøvrere i formasjonar, elegante, liksom i dans, også makrellstimar gjer vel det; like bra som fugleflokkar og fugletrekk. Akvariet i Bergen viser opp god dokumentasjon på slikt. Og dette elegante trekket er det vel vanskeleg å få til typografisk, tenkjer eg meg, i eit trykt konkretdikt? (Kanskje kunne Ottar Ormstad tatt seg av jobben.)

Å berre lese innanåt den norske poesien som er meir akustisk blitt, kan vere utfordrande for den ubudde lesaren. Dette er eit felt for nye sjangrar. Eg meiner Morten Langelands ÆÆÅ har humoristisk-eksistensielt potensiale og kan takast i teaterversjon. Det kan vere tilstrekkeleg med to makrellroller, der den eine snakkar og sym og den andre gjer enkelte meir høgstemte referat og elles har nok med å symje og røre seg. Dette er noko for Kristiansand (og det svære nye kulturhuset i byen).

Eg minnest eit fint evenement i 2007: Ø-lyden er ikkje ukjend på fransk: På Audiatur (laurdag kveld) drog 75-årige Jacques Roubaud sin «fisken sin song», med munnen open (=ø), ord liksom i vatn (dvs å mime). Og da han enda meir skulle streke under alle poenga sine, drog Roubaud «den franske fisken sin song», på same måten, men slik at vi kunne sjå at rytmen gjekk på Marseillaisen sin rytme! Det var akkurat som om for-samlinga i Teatergarasjen blei letta - . Her er lenke til Vagant sitt intervju med Jacques Roubaud, da Roubaud vitja Audiatur (i Bergen).



Tips for lesaren: I reportasjen, midt i denne, blir Langeland intervjua av Sandra Lillebø/Klassekampen .



Ps 5.nov-12:
Eit tosiders essay i Klassekampens litteraturbilag no laurdag 3/11, skrive av Hadle Oftedal Andersen, som er fast medarbeider i avisa, tangerer mange av poenga mine over. Avisa si overskrift på essayet er: 180 grader Med eitt vender ung, norsk lyrikk seg mot talemålet, mot det lokale. I DETTE LANDSKAPET