Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  To røynsler frå skolen

Publisert 2012-10-09 10:06:12, sist endret 2015-09-19 16:49:36

To røynsler frå skolen

Kompakt skoleutbygging oppe på Feierheia i Kragerø.
Mange kommunar driv på med skolesamanslåingar. Også Kragerø kommune er i full gang med dette på grunn av saldering av kommune-budsjett. Kanskje er det også blitt ein stor trend, liksom det var rundt 1960 i Noreg, at skolepolitikarar vil ha store einingar, motsett kva skole-forskinga i dag seier er rett for ungar si læring. Det følgjande var eit debattinnlegg (berre lite justert).


To røynsler frå skolen


Eg byrja å jobbe som lærar på Kragerø Ungdomsskole i 1974, da skolesentret på Feierheia var overfylt til randa. Og det er ikkje til å komme forbi at det var trangt om saligheta der og mykje hærverk og hardt i krokane, før kommunen bygde Kalstad barneskole og Sannidal ungdoms-skole, og såleis letta på presset for skolane på Feierheia.

I 1980-åra hadde eg to eigne born på Kalstad dengong nybygde barneskole. Skolen og lærarane der hadde eit ekstra godt samarbeid med nærmiljøet og foreldra i kvar skoleklasse. Dette var ein tradisjon for nært og godt samarbeid som eg har forstått varer ved.

Og nå er det altså meininga å tett overbefolke uteområdet på Feierheia igjen og radere ut Kalstad skole med ingen dokumentert sparingsgevinst eller pedagogisk vinning!

Innsparingar ved å fjerne kommunale skolar på øyene kan eg heller ikkje sjå er store. Og kva med konsekvensane for miljø og busetjing? Til overmål: Kommunen set det nasjonalt viktige og eine-ståande vellykka Kragerø Læringssenter i fare ved å splitte det & sende det, venteleg gjort for å kunne flytte barneskoleungane frå Kalstad til Feierheia. Men når ein gjer 1 dårleg ting for å kunne gjere ein annen dårleg ting, blir ingen av dei 2 tinga betre.


Helge Rykkja, pensjonist og Raudt-medlem


Stoda i kommunen (i oktober) er at saka er sendt vidare til sivilombodsmannen av foreldregruppa ved Kalstad skole. Samanslåingar krev store investeringar som først kan leggjast inn i kommunen sitt budsjett for 2013. Og slikt budsjett vil først bli klart i desember. Her skal følgje på enda nye kapittel i skolesoga om samanslåingar og nedleggjingar.


Ps 18/10-12: Eg skreiv at avisinnlegget over var eit debattinnlegg. Eg kunne like gjerne sagt at det er eit debattinnlegg. For saka om skolenedleggjingane er ikkje daud. I går gjekk barnevernsleiar Rune Torp Olsen ut med ei skarp åtvaring mot opphopinga på Feierheia i lokalavisa Kragerø Blad Vestmar .



Ps 18/9-15: Det har vore kommuneval... Både Kalstad og Tåtøy skole blei altså lagde ned og skoleelevane sentraliserte, for å kunne bli Telemarks største 1-10skole! Noko som kosta dei borgarlege styringa over Kragerø kommune... Forresten blei også Skåtøy skole lagd ned for deretter å bli (privat) Montessoriskole.