Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  3 artiklar/ essay i bokform

Publisert 2005-01-09 10:12:25, sist endret 2006-09-13 09:41:50

3 artiklar/ essay i bokform

Jan Erik Vold har lytta på noko og tenkjer etter? Foto tatt frå nettet.
1: Artikkelen Jan Erik Vold og Jan Erik vold i boka med same namn (utgitt 2000) frå Flisa-seminaret 1999 vigd Jan Erik Vold. Eg prøver ut fem hypotesar om heilskapen i Volds verksemd, om jazzen i forfattar-skapen, om medie-mannen Vold, om den anti-akademiske tradisjonen Vold begynte si verksemd innafor, om den tolerante Vold og om versjonar i året 1966, versjonane gjorde med Vold sine ulike verk (jfr. ein tittel som Mor godhjertas glade versjon. Ja).

I innleiinga påsto eg: «Noko er skrivi om lyrikken sidan 1965. Men dei få som prøvde å skrive om Vold, stykka opp heile Vold utan å trekke saman.» Denne utfordringa viser Henning Howlid Wærp til, kort, i ein artikkel i Nordlit nr 9, som ligg på nettet . Han kommenterer poenget slik i innleiinga si: «Det er viktig med enkeltstudier både av dikt og diktsamlinger, men også av og til å trekke opp større linjer, ha for-fatterskapet som fokus. Det er det som skal forsøkes her!! i en ansats til en veiledende lesning.» (Sitat slutt.)

Artikkelen kallar han forresten: «Virkeligheten, den dusjen»/ Jan Erik Vold gjennom fire tiår. Bra forsøk og bra byrjing, er replikken min. Berre les artikkelen, alle! Kanskje kan Howlid Wærp gå vidare i forståinga av kva forfattarskapet til Jan Erik Vold er - der det finst ikkje berre diktbøker ein kan lese - og han kan femne, slik eg har rissa opp og diskutert i artikkelen min (som hypotesar om heilskapen i Volds verksemd), Jazz and Poetry, mediearbeid, alle artiklane etc. Jan Erik Vold: Er det toleranse han driv med, kanskje også når han slåst?

2: I bokform finst eit intervju heilt frå 1967 - trykt første gong i generasjonstidsskriftet Profil dette året - med Paal Brekke (som ikkje er blitt mykje intervjua nokon gong), opptrykt i år 2001 og forsynt med nyare opplysningar og mine tilleggskommentarar. Dette intervjuet, saman med ulike forskarar sine føredrag, blei framført på Flisa-seminaret om Paal Brekkes endelege forfattarskap - og trykt i rapportboka året etter, 2001: lenkede fugler som evig letter. Slike rapportbøker frå Flisa-seminara burde blitt lagt ut på nettet før fem år er gått etter utgjevinga, er forslaget mitt. (Bøkene er alle redigerte av Ole Karlsen, drivkraft for seminara, ei tid no vori tilsett ved universitetet i Tromsø, eit universitet som må vere eit godt universitet, trur eg, når det gjeld nyare lyrikk.)

Landslaget for norskundervisning (LNU) Cappelen Akademiske Forlag har desse to nemnde bøkene. Forlaget har også

3: boka Skrivestadier, redigert av samlagsforfattarane Dag Helleve, Ragnar Hovland og Per Olav Kaldestad (1989), der eg leverte inn eit bidrag. Redaksjonen sende ut spørsmål til eit sekstital norske forfattarar (sitert frå føreordet i boka:) om dei kunne tenkja seg å bretta seg ut på ein måte som sjeldan blir gjort, ved å la lesarane få eit lite glimt av det som føregår «på vegen» (sitat slutt). For min del skreiv eg og bidrog med Kven er det som snakkar?, på ca fire sider, om korleis harepus-diktet i BOK blei til i 1966 og om korleis eg endra på diktet undervegs. (Viktig at eg strauk fjerde strofe og korta tredje strofe, slik at det demonstrativt rytmisk bråe sluttspørsmålet blei det eksistensielle: Hvem er det som snakker?.)

26 andre forfattarar svarte på sine måtar; eg har ikkje lesi det alt, men skriveprosessen for kvar forfattar og kvar tekst er ulik og instruktiv. Alle svara skulle derfor ha liggi på nettet no, så mange år etter, ideelt sett. Strengt tatt er nettstaden min noko i same leia som SKRIVESTADIER. Eg har forresten lett for å kalle boka «Skrivestader». Men eg «frys» ikkje filmen, og eg går vidare i stadiene og tankerekkjene, etter kvart som dei utviklar seg og nye «vinklar» dukkar opp, delvis etter mange innspel frå andre på nettstaden eller i andre media. (Men det blir lite FORSLAG under bordet, heller ord kviskra forsiktig, så forsiktig.)

Tidlegare har eg ikkje forsøkt skrive om forfattarskapen min, heile forfattarskapen min, eller forsøkt diskutere offentleg oppfatningar som kritikarane har hatt av dikta mine. Men slikt gjer eg her (på nett-staden). Før har eg ikkje sett meg sjølv som kompetent til å oppsummere, eller eg har tenkt på analyse av forfattarskap som jobbdeling, der litteraturvitarane må ha den analyserande og verdiskapande delen av jobben. Så kan eg som lyrikar ta meg av den delen som er å skrive dikta, råvareproduksjonen.

Avrundinga kjem slik: No prøver eg omtrent den operasjonen med den samla litterære verksemda mi som eg utfordrar Henning Howlid Wærp (sjå ovafor) til å gjere med forfattarskapen til Jan Erik Vold, forfattarskapen hans i vid forstand, det som er mest fruktbart å gjere med ein forfattarskap.


Kjelder:

* Ole Karlsen (red.): Jan Erik Vold og Jan Erik Vold, Cappelen Akademisk Forlag 2000.
* Henning Howlid Wærp: «Virkeligheten, den dusjen»/ Jan Erik Vold gjennom fire tiår, Nordlit nr 9-2000.

* Ole Karlsen (red.): lenkede fugler som evig letter. Om Paal Brekkes forfatterskap, Cappelen Akademisk Forlag 2001.

* Helleve, Hovland og Kaldestad (red.): SKRIVESTADIER, Cappelen Akademisk Forlag 1989.


Ps 5.januar 06: I tillegg til artikkelen i bokform om Jan Erik Vold finst fleire nyskrivne artiklar på denne nettstaden om Volds aktualitet, spesielt om nyenkle og konkrete Mor godhjertas glade versjon. Ja .

Ps 5.september 06: Her har eg fått lagt ut heile artikkelen «Jan Erik Vold og Jan Erik Vold» . (Samtidig har denne artikkelen fått ein ny kommentar pga etterordet i Jan Erik Volds nyutgjevne Entusiastiske essays, skrivi av Bendik Wold.)