Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Å bu kollektivt

Publisert 2012-09-09 10:26:28, sist endret 2012-09-15 10:58:57

Å bu kollektivt

Foto lånt frå nettet, på forlaget, om Ingrid Furre si bok Kollektivet
Ingrid Furre har gjeve ut ei bok om bukollektivet, Kollektivet, på 144 sider og i form av reportasjedikt. (Ja, reportasjedikt er eit nytt ord som passar på denne boka, eg hugsar i farta ikkje kven det var som brukte det eller om eg fann på det sjølv, det kan vel vere det same?)

Eg visste ikkje om eg skulle skrive, av to grunnar: Boka er komme ut på same forlag som Victoria Durnaks to, som eg har skrive om, dvs Flamme forlag, og Ingrid Furre deler nokre av Durnaks inngangar og metodar. For ti år sidan skreiv eg ei diktsamling, med tittelen Eit hus mellom andre, ei bok som er komponert etter romma i rekkjehusvære. Men buproblem er, trass i tenkte innvendingar mot ei ny bok, eit større og enda meire aktuelt tema ti år etter og fortener all frisk litterær handsaming.

Ingrid Furre sin reportasje er nemleg delt opp i ”rom”; og her er det snakk om å skildre eit bukollektiv innanfrå. Ei stor gruppe unge deler eit hus med 12 skildra rom med mange vindauge, ei blanding av små (ca 5 m2) og større rom, iallfall fem soverom, og det er 3 etasjar pluss hagen inkludert. Desse interne naboane er samla tilfeldig og kverv på ulik tid, og same kva må dei kunne vere overberande med kvarandre i heimen.

Forfattaren har skrive enkelte dikt i form av intervju, på grunnlag av kollektive røynsler, á la 1960-åra sin ungdomskultur. På grunn av dei stigande bu-utgiftene i sentrale strok er det nødvendig å gå saman om å bu i felles husvære, der det kan vere vanskeleg å definere eit sams ansvar for kvar enkelt. Er det ein person i bukollektivet som ikkje trivst, vil det merkast godt i kollektivet. Sosialiseringa i kollektiv er mykje større enn i bufellesskap med tun - .

Korleis er boka blitt? Resultatet er blitt ei kunstprega bok i meininga konseptuelt og gjennomført prosjekt. Dette tykkjer eg er interessant å møte, ikkje minst pga temaet kollektiv. Og det manglar mykje enno på at det konseptuelle grepet er ferdig utvikla i norsk poesi, etter grovt rekna 12 år med samanhengande prøve - .

Tydinga av kvart «rom» i huset er gjort vid og tankevekkjande. Det første rommet er naturleg nok INNGANG. Og boka startar med to dikt som dreier seg om visning, det andre av dikta er t.d slik:


det er mye greier her
jeg går på smale stier mellom rommene
kjenner på tingene
ser ut av vinduene
er det langt til stranden



Deretter kjem eit 4 siders langt intervju (som raskt understrekar reportasjepreget) med ein organisatorisk interessert ”Tom”, ein personleg inngang som må vere viktig prøvestein for miljøet. Elles høyrer vi her om ”Hundekvinnen” (dame med hund) og Erla. Neste rom er stove, deretter følgjer ”Ildhuset” (kjøkkenet), før eit av soveromma, kjellaren og dei resterande romma i huset kjem i (kanskje?) meir tilfeldig rekkjefølge. Også personen Anna, i tillegg til dei alt nemnde, blir vi presentert for. Likevel er ikkje personteikninga det aller viktigaste, noko som er demonstrert alt ved bokomslaget, som teiknar opp planen over ein etasje - .

Rom som blir stutt markerte i skildringa, er wc og badet (litt for lite med eitt bad for så mange?) Forfattaren, Ingrid Furre, syner at ho kjenner bukollektiva. Boka får fram det vesentlege, korleis dei ulike personane bruker og taklar det opne kollektivet.

Poeten kunne streka opp rammene for huset enda meir direkte og summarisk, ville eg tru. Da hadde humoren likevel blomstra og sogene komne enda betre fram alt ved første gongs møte med teksten. (Men rammene for huset skjønar iallfall den pågåande og interesserte lesaren etter kvart, noko eg var. Eg ønsker meg altså enda meir konsept i komposisjonen av ei slik bok.)

Dette får halde som gjennomgang og oversikt. Det tredje siste diktet i «avslutningskapitlet» HAGEN har oppbrotstemning og er slik:


Anna sager i et fruktre
Hundekvinnen kommer ut i penskoene
legger seg over ei grein
gynger
den brekker
hun drar den bortover marken
ruller den ned bakken
gjør klar et bål
men alle må pakke
gidder ikke høre
finner fram dieselen



Ramma rundt dikta i boka ordnar på tolkinga av enkeltdikt. Utvalde konkrete tilhøve i teksten, slike som «frukttre» og «dieselen» i diktet over, pensar lesaren inn på viktige kjensler og forståingar. Dessutan er eit munnleg språk retningsgjevande for erkjenninga rundt diktet og sikrar det seriøse preget over teksten.

Kollektivet kan vere ei krevjande og gjevande bok. Ho fungerer der ungdom er samla, vil eg tru. Og ein kan lese opp dikt frå boka i høve til diskusjon om bustad for unge og einslege. Ønske til Flamme Forlag: Lat forfattaren drive oppsøkjande verksemd til fleire kollektiv, altså med ein slags ny stuntpoesi. (Eg veit ikkje om de alt har ordna med slikt.)