Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Nypussa Tom Jackie Haugen

Publisert 2012-09-05 18:21:02, sist endret 2013-05-13 09:43:38

Nypussa Tom Jackie Haugen

Vi saknar Povel Ramel, men har iallfall Tom Jackie Haugen med sin poetiske revy.
Drangedølen Tom Jackie Haugen er stadig ute med ny underhaldning og si skarpe tunge. Og her har eg fått løyve til å trykke ein av dei siste tekstane han har brukt på show, denne gongen forsynt med noko prating imellom versa, berre sjå her:



Husflid meg her
- husflid meg der, og husflid forsyne meg everywhere…
det er jo sånn for oss som har kjent - eller kjenner husfliden på kroppen - at den absolutt har sine bivirkninger

me kunne hatt det finfint
ikkje vore plaga langpint
eller påført heilt unødige problem
bare kosa litt med myggstikk
kanskje nytt ein energidrikk
men livet er blitt ein einaste stor eksem
nå er'e husflid her
nå er'e husflid der
med tova truse av steinull på
som kleier og stikker forferdelig så
nå er'e husflid everywhere

joddele'i…

eg voks'opp heimestrikka
nå har kjærringa mi au klikka
ho hekler, syr og baker brøda sjøl
det fins ingen kjente grenser
for votter, skjerf og genser
eller ting som inneholder grovt nok mjøl
nå er'e husflid her
nå er'e husflid der
magen river og tarmen blør
eg har aldri vore sånn dritsekk før
nå er'e husflid everywhere

det gode liv på landet
kjenner eg'kje te det granne
men eg veit at andre har et anna syn
Bondens Marked er så populære
du får omtrent hå det skal være
hipp hurra for nydusja bønder i by'n
nå er'e husflid her
nå er'e husflid der
halvråtten fisk og muggen ost
julelys og honninglys og eplemost
nå er'e husflid everywhere

åpen gård med null komfort
koselig med fattig kår
allergi for burot og mot timotei
lage kiosk i bryggerhuset
lære bydamer å snuse
telemarksbunad om du har vort der eller ei
nå er'e husflid her
nå er'e husflid der
file feler og steve stev
skalle skaller og treve skrev
nå er'e husflid everywhere
som littegranne fingernem - burde eg kanskje skrua sammen 3 trebeter - meldt meg inn i et husflidslag og stilt ut - eg har nemlig idé om et slags pizzafat - med feste i bakkant - altså et produkt alle må ha - men som kanskje ikkje så mange har vore klar over at de har savna - feste skal kunne klypas - over kanten midt på ein hver flatskjerm omtrent - altså sånn at kvinnfølka endelig igjen kan få lagt frå seg heklebrikka - og satt potteplanta på toppen av TV'n - sånn som de skal
det fins jo husflidsmesser
for de fleste særinteresser
eg har aldri delt interessen for kortreist mat
då ser eg for meg pus
sitte og nistirre på ei mus
som går ubekymra rundt på et påleggsfat
nå er'e husflid her
nå er'e husflid der
safta og sylta, pjona, vevd
velhengt, innestengt og utesvevd
nå er'e husflid everywhere

joddele'i…



(Tom Jackie Haugen)



___________
Forresten har teksten fått ein melodi i godt register... Tom Jackie Haugen har vore med i Prestestranda Vel Vel Vel og deretter i Drangedal Bortforklaring. Sjå berre på Youtube - .

Her er ein artikkel frå 2009 om sistnemnde si showing.
Tidlegare om same emne (ein artikkel frå 2007) vil du finne her.