Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Hilf mir (porno i diktform?)

Publisert 2012-08-30 12:11:53, sist endret 2012-09-01 18:51:37

Hilf mir (porno i diktform?)

Christian Refsum med ein poetisk «porno-odyssé»
Ein som både er litteraturvitar og diktar og blant anna ein innførar i diktlesing, går til det steget å skrive Kåte dikt, eller ein poetisk «porno-odyssé». Forfattaren sitt namn er Christian Refsum. Til dømes kjem han opp i denne faglege situasjonen (på side 26):


HILF MIR



Finnes det et annet ord
enn det tyske Hilf
som rimer uanstrengt
på engelskmannens MILF?

Jeg vil så gjerne ha
dette ordet med
i min poetiske
porno-odyssé.

Hilf mir! Hør min bønn!
Hvisk meg sexy ord
og dype, soggy stønn
fra en heftig mor




Greit nok. Kor vart det av MILF - ? Finst ordet? Det engelske «soggy» finst. Forfattaren bruker ein del engelske gloser, fordi språket da blir sexy på ein innarbeidd måte. Og her skal orda verke pornografiske, om ikkje i dette diktet, så iallfall i andre dikt i boka.

Odysséen er eit klassisk-gresk heltedikt av Homer. Diktverket skildrar krig og kampar og ei flakkande reise for Odyssevs gjennom mange år. Verket har inspirert til mykje poesi i ettertid. Utgangspunktet i Kåte dikt er forteljande dikt og to personar som elskar kvarande og har vore «gifte» ei god stund. Eg-personen i dikta leikar med tanken på å friske opp sexlivet og gjer ulike framstøytar for dette. Men boka har ikkje mykje med Homers Odysséen å gjere.

Sleppe sexen meir fri, det kan vere parolen i mange dikt. Sex er heile tida i fokus i dikta, gjennomført, altså tar forfattaren opp eit originalt dikttema, som han kobinerer med populær og kjend versform. Likevel bruker denne forfattaren eit differansiert og fritt versemål til formålet sitt. Jfr det siterte diktet over.

Strevet med dikta i boka er å «snakke om det»/ varme opp heile tida, bl.a teknikk og sex-leikar, som ikkje må/skal vere prøvde av diktpersonane før, men som ligg for handa. Fortenstfullt er forfattaren konsentrert om temaet sitt, det må eg seie (eg som les mykje poesi). Men han maktar ikkje å knytte temaet opp til nærliggjande bitema, slik at realismen blir ivaretatt. Noka lett oppgåve er det ikkje forfattaren har gitt seg sjølv i denne boka, om nokon skulle tru det. Og forfattaren er slett ikkje ein som skriv ei diktbok for året.

Ei side ved temaet manglar formidablet, tykkjer eg, og det beklagar eg. Kunne ein ikkje forvente det følgjande spørsmålet stilt i enkelte av dei mange diktsogene: Kva har eit betre tilhøve generelt mellom partane - på eit breitt menneskeleg plan - å seie for sexlysta og dermed ny sexutfalding? At dette glimrar med sitt fråver, provoserer.

Men boka endrar seg radikalt med omsyn til formålet som var i utgangspunktet. Godt uti boka kjem etter kvart eit prinsippielt forsvar for seksuelle sidesprang, altså argument for impulsiv sex på sida av det faste forholdet, argument noko tilsvarande argumenta som opplysningsbøker frå 1960-åra og sexbrevkassa til Inge og Sten Hegeler i Dagbladet, kom med og blei kjende for på den tida.

Her er likevel ikkje hylling av prostitusjon eller hardporno, takk og lov, ikkje ver nervøs for at det skjer. Men i enda ei ny fase i boka skildrar dikta det som ein gong vart kalt promiskuitet, «fri sex» eller la oss kalle det heilt normfritt val av partnarar (utan at dikta/forfattaren tar stilling), noko som også provoserer lesarar. Med det første blir forfattaren neppe invitert på mange litterære festivalar på grunn av denne boka.

Gjennom boka skiftar dikta mellom å vere skildring av ein situasjon til å gje seg ut på lengre forteljande dikt; det siste skjer særleg frå og med det lange utro-diktet (på s 56). Derifrå les vi også - kanskje forståeleg at det bli slik - mindre stramt, fleire klisjéar, meir enkelt rimeri, oftare «overtente» dikt.

Her er iallfall ei uheldig avfeiing av menneskegrupper: med diktet «Vekk med dem!» (s 64). Merk deg elles eit «seksuell venn»-dikt side 20. Og unn deg ein variant av fenomenet sjenanse før/på fest (dikt side 18), om enn vel skjematisk utført. Til slutt vil eg sitere opningsdiktet i boka meint som utgangspunktet: Jo, ein ser frå første stund (og heile vegen) at mykje av formålet med utgjevinga av boka er ein leseleg poetisk provokasjon:


Da vi kom til gullsmeden
og prøvde våre ringer

var de altfor store
samme hva vi gjorde

Den gang vi bestilte dem
var det tropisk hett

at fingrene var hovne,
ble glemt og oversett

Men kan ikke gifteringer
tres på en fuck-you-finger?

Se det!
Der passer de perfekt

I somre og vintre
har vi to hengt i hop

hekta på hverandre
som en doper på sitt dop

Ringfingrene våre
er fortsatt uten gull

men fuck-you-ringene
har medført kjærlighet og tull

Vi leker fortsatt sammen
med tafs og kyss og knull