Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Å formidle poesi

Publisert 2012-06-06 12:06:32, sist endret 2012-06-08 14:54:00

Å formidle poesi

Eit av berre få offentleggjorte foto av Emil Boyson
Alt, også dikt, kan søkjast etter ved hjelp av få ord på nettet, eit enkeltdikt kan slik bli tatt fram ved festleg høve. Somme dikt blir brukte og heidra om og om igjen. Og dei blir heller aldri utslitne, ser det ut til for meg. Poeten Emil Boyson har skrive eitt av dei uslitelege små - . Han utgav dette diktet om vatn og kjærleik eit stykke ut i livet. Eg vil nok også påstå at han er heldig med tittelen han valde:



RAST VED RINNENDE VANN



Trett er vort hjerte ikke,
men dagen er blitt kveld.
Vi stanser. Gjennem vor taushet
toner vannenes væll.

Vi hører i elve-susen
at evigheten er nær.
Vi fødtes til jorden. Vi møttes.
Vi hadde hinannen kjær.

«Om litt kan vi intet høre
- dette er ALT vi vet.
Vannet skal videre bruse
gjennem all evighet.»



Her er det formuleringar og lyd som ein kan like. Korleis byggjer poeten opp diktet? Diktet startar heller formidabelt med hjartet sin suverene tilstandrapport i første line: Trett er vort hjerte ikke.

Oppsummeringa av livet på jorda - gjennom strofe to - sit som støypt med lina: «Vi hadde hinannen kjær.» Året 1946 er dette utgjeve. Diktet brukast ofte av Human-Etisk Forbund til forbundet sine seremoniar no for tida, blant anna som ei påpeiking av eit humanistisk livssyn ved vaksne menneske sin bortgang. Greit nok for meg å tolke diktet slik som HEF gjer. Diktet er likevel noko meir enn eit enkelt livssyn, med diktspennet si store vekt på hjartet si kraft.

Også strofe tre skulle få sin eigen kommentar: Eg har opplevde hørsel som ein svært viktig sein kontakt, folk som ikkje kan røre ein finger eller blunke med augo eller gjere noko anna, men som likevel kan ta til seg høyrde lydar og ord. Alle gode dikt, også dette av Emil Boyson, vurderer sansing og sansar.

Emil Boyson (1897-1979) var påverka av symbolismen i Frankrike. Så følgde Asbjørn Aarnes i Emil Boyson sine fotspor. Asbjørn Aarnes, både ein ihuga riksmålsmann og nynorskbrukar, har fast diktspalte i Dag og Tid, der han alternerer med Jan Erik Vold sine tilsvarande bidrag til avisa. Det er oppløftande å få heile dikt siterte og kommenterte i avisformat. Begge desse to eldre nemnde litteratane er framståande og uslitelege formidlarar av poesi.

Asbjørn Aarnes har vore ein stor entusiast og samtidig ein krigar. Han har sin hovudtanke kring poesi som kan formulerast som: «Dette er ikkje eit dikt ein skjønar og forlét; diktet kallar på ein tagnad som sit fast.» Akkurat slik, til dømes, formulerte Aarnes det om diktet ”Gråe hattar er ikkje allemannseige no lenger” av Arild Stubhaug tatt frå debutboka til denne i 1970, Utkantane, sjå Dag og Tid 18/5 - 2012 om du vil. Det er dikt sin tause del Asbjørn Aarnes fortel om og vernar om.

No er ho komme ut, boka, 52 NORSKE DIKT ... forutan dagklår visse, tileigna Emil Boyson. Dikta i denne antologien er valde ut og kommenterte av «professor emeritus Asbjørn Aarnes». Eg hugsar godt Aarnes frå gammalt av som ein aktivist i kulturlivet med fransk som spesialitet. Her er wikipedia om Aarnes.

Dikta i boka er av mange kjende norske lyrikarar, og dei blir presenterte kronologisk av Aarnes: Frå 1800-talet sitt Welhaven og Wergeland via Inger Hagerup, Olav H.Hauge, Emil Boyson, Einar Skjæraasen, Olav Kaste og Arnulf Øverland, og så vidare, til Synne Lea og Ronny Spaans fødde på 1970-talet, slik skriv forlaget i pressemeldinga. Altså også poetar i fortida som var folket sine eigne, men som har gått ut av praktiserande «kanon», vil eg seie, iallfall Kaste og Skjæraasen av dei nemnde. Dei fleste av dei 52 dikta har vore presenterte i avisa Dag og Tid, ved ei eiga spalte inspirert av redaktør Svein Gjerdåker, opplyser forlaget om.

Fredrik Wandrup i Dagbladet skriv om den nye boka: « [...] først og fremst røper boka en con amore-holdning til poesien, fri for litteraturvitenskapelige vyer. Diktene er presentert av en mann som har levd og fortsatt lever for kraften i det gode diktet.» Eg som ein avantgardist gler meg til å lese dikta i boka med kommentarane og kanskje diskutere saman med andre.



Kven er Noregs beste litteraturformidlar?

Slik kan ein spørje. På nettet: «Dette skal nyslått juryleder Espen Beranek Holm og hans fagtunge jury finne svaret på når det skal arrangeres NM i litteraturformidling i Arendal 27. juli. Juryen ble presentert på pressekonferanse for arrangementet og jurylederen selv ga de fremmøtte en usedvanlig morsom tolkning av hva litteraturformidling kan være – i stand-up versjon.» Les meir om pressekonferansen og forarbeidet her .

Kven vil stille og eventuelt vinne tevlinga? Vil stunt- eller slampoetane Torgeir Rebelledo Pedersen, Morten Wintervold og Vigdis Hjorth, eller vil professorane Eirik Vassenden og Asbjørn Aarnes gjere det, og vil kritikarane Kaja Scherven Mollerin eller Susanne Christensen stille? Eksempelvis spurt av meg.