Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Norsk på norsk

Publisert 2012-04-18 13:36:08, sist endret 2014-10-30 21:04:30

Norsk på norsk

Dette er ikkje Levi Henriksen, men klassikaren Vidar Sandbeck, frå lenger nord i dette Glomma-vassdraget, dvs Østerdalen med Åmot kommune.
Foto: Sandbeckstiftelsen
«Norsk på norsk» er eit musikalsk radioprogram på søndagar, plassert ca etter ein god spasertur og slik at programposten passar til middagslaging... Litt av det nye får ein greie på medan ein koker. Musikk? Ja, men det er først og fremst teksten som er norsk. Musikken kan til dømes vere rockete, slik som den humoristiske «Riksveg 33» på Eldar Vågans nye soloplate. Vi får nok smake på denne ein del gonger etter kvart.

I dette programmet som eg siktar til, som var den 15/4, høyrde eg Winnies sterke «Halve meg» og dertil høyrde eg eit spor på ei ny Hilde Heltberg-plate, der ho har sunge inn den klassiske Vidar Sandbeck sin «Menuett i mai». Vidar Sandbeck må vel vere, meir enn noko, norsk på norsk. Menuetten i «Menuett i mai» er veldig stram og står i produktiv kontrast til det mai-yre og spretne...


Vil du bli med i menuetten
i de grogrønne mainetten’
når det våres, når det våres
utmed gangsti og vegg.
Vil du leke og gle’ deg
tar du kjæresten med deg
uti skogen når det lever
milla bjørker og hegg.

Du kan høre e fløyte trille,
du kan ane ho Tirilille
der ho danser, der ho danser
sine sirlige trinn
over gråbleke stener,
under løvrike grener.
Og det kvisker og det nynner
og det risler og rinn.

Det er ongdom og det er drømmer,
det er lengsel i alle gjømmer,
sjå det gjynger, sjå det gjynger
i en fin menuett.
Det er sammar i vente,
det er lykke å hente.
Det er livet som forærer
deg en blomsterbukett.

Det er morro å vara frøken,
det er artig å høre gjøken
når det våres, når det våres
over enger og drag.
Men gu’bære så ille
om du itte fær stille,
der du tripper over tunet
når det lysner tå dag.

Og det synger i menuetten
i de grogrønne mainetten’ -
ingen spådom, ingen spådom
kan formørke ditt sinn.
Det er fast under sola,
det er gamalt på jorda:
Je vil leve, je vil finna
en å kalle for min.



Dette er framifrå kunst. Og aktuelt. Enda om samfunnet i Noreg var meir regelbunde på 1950-talet når det gjeld kjønnsroller enn det er blitt no. Rytmar som Vidar Sandbeck like mykje er skatta for (som menuett) er spretne polkarytmar.

Sandbeck har eit stort og allsidig forfattarskap av viser, romanar, barnebøker og sjølvbiografiar. Han var ein god instrumentalist og komponist.

Wikipediaopplysningar om Vidar Sandbeck .

Artikkel om Levi Henriksens Kjære deg, min kjære .

Leif Høghaug om nonsensverset og Eldar Vågan (Dag og Tid 20.4.2012).