Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Da alt blei vendt

Publisert 2012-03-17 13:22:40, sist endret 2015-01-22 16:14:29

Da alt blei vendt

Kjend politisk plakat for kunstnar-aksjonen: Staten er en lommetjuv.
Folkebiblioteket Deichman Grünerløkka, arrangerte 7. mars 2012 temakveld om organisering, som ei oppfølgjing i rekkja av tidlegare arrangement.. Denne kvelden var vi tre innleiarar. Vi hadde funksjon som historiske kjelder. Morten Krohg snakka om Gras-gruppa, som varte 1969-1974. Eg var hyra for å snakke om tidsskriftet Profil, slik som Profil organiserte seg i 1969-1970. Trond Haugen heldt eit innlegg om bladet Ditt & Datt og forklarte korleis bladet skifta til å bli Hundre blomster og levde slik for eit par år. I det følgjande kjem først innleiinga mi. (Illustrasjonane har eg fått låne av Morten Krohg.)



Overgangsåra 1969-1970 for litteraturen og kunsten er interessante og lite forska på. Blant anna finst noko så lite akademisk handterbart som avantgarde i desse overgangsåra. Kanskje ser vi berre starten på utforskinga med første band av Norsk Avantgarde og alt som har skjedd på byrjinga av 2000-talet?

Eg skal sjå temaet organisering i lys av avantgardismestudia som finst utgjeve nyleg av Per Bäckström og Bodil Børset. Grunnlaget for desse studia var i fleire år «Nettverket for Norsk avantgarde». Her er deira definisjon, som eg skal bruke:
1. Sentralt i avantgardismen står formeksperimentet og brotet med kunsten sine tradisjonelle framstillingsformer.

2. Sentralt i avantgardismen står ein fundamental kritikk av kunstinstitusjonar og samfunnssystem.
Ein kort kommentar frå meg til definisjonen før vi byrjar, er: Formeksperiment er velkjende for alle. Men kommentatorar lar ofte samfunnskritikken i avantgardismen bli forvanska og tona ned.



A. Fasar i Profil.


Kva er tidsskriftet Profil i 1969? Tidsskriftet er heilt klårt ei temporær sak, men samtidig veksande institusjon, etappevis gjort både ny og uavhengig. Frå ei god stund å vere studenttidsskrift med sete og kontor planta i første etasje på Nils Treschows Hus på Blindern til etterpå å bli eit forfattartidsskrift i 1966, eit unglitterært tidsskrift under Jan Erik Vold, Tor Obrestad og mange fleire gutar som hadde universitetet og skolegangen unnagjort. Til tidsskriftet deretter knyttar seg til saker og ting utanom - demonstrativt og formidabelt utanom - litteraturen. Profil som hadde blitt eit avantgardetidsskrift stykkevist, utvikla seg særleg i siste halvdel av 1968, deretter vidare i 1969 og delvis likeså i 1970, da tidsskriftet blei - utan markert overgang - underlagt ein ny litteratursosial gjennomgang og også blei erobra av den innanlandske varianten av partipolitisk oppgjer på venstresida. Er det aller siste likevel ein tanke overdrive?

I dei tre nemnde åra var, same kva fase, Profil på jakt etter støtte frå folk, frå nye folk, og iallfall ikkje underlagt styring frå universitet eller stort forlag. Nye folk? Det var sterkare utdanna folk frå nye lag av folket, m.a småbrukar-ungar... Avantgardetidsskriftet jobba med ungdomsopprøret og antikrigsrørsla i ryggen! Og heilt frå gruppa i 1966 av så talde redaksjonen ambisiøse forfattarar i alderen 25 år pluss-minus. Akkurat som Gras-gruppa frå første augneblink talde fagutdanna og ambisiøse yngre kunstnarar. Den aktivistiske agendaen i tidsskriftet Profil voks og voks for kvart år. Parallell til GRAS.



B. ”NATO-nummeret” i 68.


Det ofte kalte NATO-nummeret av Profil, nr 3 1968, var eit nytt slags intimt fellesprosjekt frå redaksjonen. Oppstanden i Frankrike var samtidig, og generalstriken der var absolutt og effektiv, sjølv om dei etablerte venstreside-partia var imot. Ein stor revolusjonær augneblink. Alt i august gjorde Sovjet-samveldet innmarsj i Tsjekkoslovakia for å gjere det slutt der. På denne tida byrja Profil med usignerte bidrag frå redaksjonsmedlemmane, dette var både usignerte artiklar og usignert skjønnlitteratur. Og der bakka først Dag Solstad og deretter Jan Erik Vold ut, som dei to siste i 1966-redaksjonen som enno i 1968 var medlemmar. På den tida var det ikkje politisk overvaking eller ei slags offisiellgjering som gjorde at bidraga frå redaksjonen var usignerte. Vi kjende meire ei glede av å stå saman om litteraturen og analysene. Jan Thon dokumenterer godt i boka si om tidsskriftet den nære fellesskapen som oppsto. Lista over medlemmar i redaksjonen for 3 1968 var slik: Jan Carlsen, Torstein Bugge Høverstad, Per Malde, Bjørn Myhre, Helge Rykkja, Jan Erik Vold, Hansmagnus Ystgård. Lista var ikkje heilt unndratt offentleg merksemd.

Eg presenterer gjerne det usignerte diktet ”Andrej Voznesénskij” frå nummer 3- 68 som ei prøve på innhaldet.


Andrej Voznesenskij


Den sovjetiske lyriker-arkitekten Andrej Voznesenskij har
akseptert Tore Linné Eriksens invitasjon fra Det Norske
Studentersamfund.

Vi er studenter. Vi lærer om stjernenes
gang på himmelen.

Ja, vær beskjeden!
Beskjedenhet er en dyd.
Hvis du er het –

Studenter fra Armenia, Øst-Turkestan –

Vi mente ikke såre deg.

Jeg er norsk. I elektrisitetens hjemland –

Beskjedenhet –

De ville dyrene er alle borte, ute
av landet mitt for godt. De vender aldri
tilbake fra mørket der ute mellom veggene
i soverommet og stua, gangen. På helt gamle, fine
trykk kan vi lese om fjerne sorger.
Maten ble vekk foran nesa på deg
da kjevene skulle bevege seg. Ventet
i tusen år. Ikke siden Olav den Hellige
har jeg sett så mange fjollete smil hos
mine venner.

Det er lang tid. Det er ikke rart at jeg blar hurtig
Forbi mange kapitler i historeboka for
Å komme fram til essensen. Det
står ikke noe om studentenes rett til
å styre universitetene.

Etter det jeg husker er det bare fire sider
om Otto kristiansen som er blitt rehabilitert som
den første blomsterelsker i nyere tid.
Det er nå ikke helt sant. Det er jeg som elsker
blomster.

Det må være helt klart at det er jeg som elskar blomster.



Studentar og ungdom er sentrale i diktet. Hippierørsla kan kanskje merkast. Kjærleik og blomar imot NATO? Ungdomsopprøret? Ja.

Omtrent samtidig med at diktet, som var ført i penna av meg, blei skrive, deltok Torstein Bugge Høverstad og eg som tekstforfattarar i ein fjersynsserie med den presise tittelen ”Skjønner du ikke hva jeg sier?” som hadde tema ungdomsopprøret. Vi to var også med på å klippe filmen fram til ei ny TV-form, som gjorde leinga i NRK, etter nokre episodar, engstelege.

Popkunst og vekebladsestetikk var ein ingrediens i Profil. Her kan omslaget på nummeret om ”Kjærlighet” laga av Per Kleiva, med eit brød påført munnar/ lepper, vere eit døme. Morten Krogh nemner i Norsk Avantgarde noko av det same frå GRAS-gruppa: at medlemmane hadde tatt imot inspirasjon frå amerikansk popkunst.

På denne tida laga Hans Magnus Ystgård frå Profil to TV-stykke, dei var Mødrekupé og deretter La ditt problem bli vårt problem. Fjernsynsteateret produserte desse to stykka året etter.



C. Profil møtte 1969.

Morten Krogh, arbeidsbukse 1969, utstilt på en utstilling, Kristiansand 1969

Eg hoppar eit halvt år frå NATO-nummeret, det var blitt tidleg 1969 og mykje maoisme. Hugs at den vidt og breitt eksporterte maoismen var i både SF og SUF, i SF og SUF skjedde alle viktige ting, viktige nye politiske idear. I ettertid vil eg seie at splittinga mellom SF og SUF ikkje var rett svar på utfordringa i tida. Mi oppleving var at den beste ungdommen gjekk til SUF, men at det var stivbeint politisk analyse hos toppleiarane i SUF. All analyse var bygd på overmot etter alt som den nye grunnplansaktivismen og det nye felleskapet gav av energi. Eg var innmeldt som ein av dei eldste i Bergen, og heile lokallaget, heile ungdoms-organisasjonen SUF, minus Jan Eilert Lohne, forsvann samrøystes minus 1 frå partiet SF. SF er forkorting av Sosialistisk Folkeparti.
Fra En utstilling, «Staten er en kapitalist», Christiansands Kunstforening 1969

Fagrørsla og arbeidarklassen må nemnast i samband med Profil 1969. Det skjedde ny arbeidarkamp også i Norden. Tidsskriftet arrangerte sitt seminar om nordiske arbeidarrøynsler og arbeidarkultur med resultat som vi presenterte i nr 1 1969. Sentralt var Sara Lidmans nye roman Gruva, som handla om tilhøva i det statleg åtte gruveselskapet LKAB i Nord-Sverige, og i tillegg diskuterte seminaret annan nyskapt svensk dokumentarlitteratur. Året etter, i desember 1969, braut det ut ein såkalt vill streik i gruvene. Vi snakkar om 5000 gruvearbeidarar.

Eit sprang til situasjonen i dag: Vi konstaterer kraftige åtak på organisasjonen, med den store vikarbransjen i norsk arbeidsliv som syg til seg arbeidskraft utanfrå og dumpar denne sosialt. Vi har fått enda ei tid med svære samfunnsbrytningar. Kapitalismen verkar vere konstant i krise. Sentret for krisa er for tida EU. (Eg berre nemner i fleng.) Situasjonen i Noreg etter 22. juli kravde eit nytt samarbeidsklima og aktivistklima. Periferien er igjen nyttig og viktig som inspirasjon og organisasjon. Vi har fått den arabiske våren, eller det arabiske forsøket på uprøvde styresett for regionen, med sine raske ungdomsgenerasjonar.



D. Ein brei avantgardisme?


I dette foredraget vil eg gjerne vere prinsipiell, men eg er ikkje ute etter skarpe skiljer. Eg tok til med 1966 for å få med ei lengre utvikling, også fordi avantgardismen fanns innafor gruppa heilt frå første stund. Jan Erik Vold og eg starta eit avantgardeforlag, Kommet, alt hausten 1966. Det er ikkje riktig å splitte avantgarden den gongen altfor mykje i ulike retningar, seksjonar og enkeltforfattarar.

Kva gjorde Kommet forlag alt i 1966? Kommet forlag innførte bla.a ein låg pris på diktbøkene, noko som ein heldt fast ved då Kommet på ein måte gjekk inn i Pax, etter eit fellesmøte, med oppstart av serien Paxlyrikk utgjeve frå 1968. Også Oktober forlag førte den folkelege linja for bokprising vidare.

Det var svært mange som las manusa til Dag Solstad på Oktober, nesten som ei kollektiv oppgåve, dette var riktignok på eit seinare tidspunkt, i ein etterfølgjande fase hos Solstad. Men eit slikt avantgardistisk trekk er underkommunisert. Å ha mange folk som konsulentar på ei bok blei organisert, og det var forlaget Oktober som forfattaren gjekk over til, som organiserte slik.

Eg vil gjerne avdramatisere todelinga til Jahn Thon i boka om Profil. Her er eit døme til: Jan Erik Vold var mindre organisert akkurat i 1969, men poeten sine readymades i Kykelipi 1969 likna svært på dei mange installasjonane i den unge biletkunsten på same tid. Sjølv om vi ikkje kan direkteoverføre frå bilete til ord, var montasjen hos biletkunstnarane i Gras i slekt med den i Volds diktbok Kykelipi.

Her er ei kjend smaksprøve frå Kykelipi, likevel tilfeldig utvald frå mange fyndige innslag i boka:

USELVSTENDIGE VERB

være
bli
hete
synes
og kalles



Dette er jo montasje, Vold tar ein readymade, utsnitt rett ut frå skolegrammatikken vi hadde, av slikt som alle ungar pugga på, og monterer denne inn i ei diktoppstilling.

Også i Noreg blei montasjen ei effektiv avantgardeform på 60-talet, som del av ein erkjenningsprosess og noko som både tidsskriftet Profil og i og for seg sjølvstendige forfattarar, kvar for seg, tok til seg. Grepet var stort. Montasjen var ein arm til røynda. Kjelde: Denne jubileumsartikkelen om Jan Erik Vold som avantgardist fyller ut biletet, det samansette biletet.



E. Nye organisasjonsmåtar i 1969


Aksjonsfronten KANAL, ein horisontalt strukturert aksjon, skulle han bli kalt, blei lansert i det nemnde nr 1 1969 av Profil. I utgangspunktet var samfunns-planleggjarar med, arkitektar, sosionomar og andre fagfolk, på ein tverrfagleg aksjon, noko som den arkitektutdanna arbeidarguten i Profil, Jan Carlsen, gjekk inn for med liv og sjel. Komme med i redaksjonen av Profil no var elles Rolf Larsen og Cecilie Løveid. Løveid synte seg som vi veit, å bli ein respektert poet, og etter kvart kunne ho bli ein internasjonalt framståande dramatikar. Gruppene i 1960-åra var mannsgrupper, Jfr. Beatles/ Rolling Stones. Løveid var den første kvinna i redaksjonen av Profil etter Eldrid Lunden i 1967/68.

Eg spring vidare. Trafikknummert ¾ -69 var banebrytande og ein stor praktisk siger. Og møteserien samlingane ”Søndagsfabrikken”, som blei arrangert fire søndagar oktober, følgde opp det praktiske. Da var eg opptatt i Bergen med mitt første barn og har ikkje førstehands kjennskap til det som skjedde. Debattboka Trafikkrigen i 1970, redigert av Carlsen og Ystgård, kom som eit handfast resultat av alt arbeidet. Frå og med nr ¾ -69 var redaksjonen slik, i alfabetisk rekkjefølgje: Audun Briseid, Jan Carlsen, Cecilie Løveid, Ottar Ormstad, Helge Rykkja, Odd storsæter og Hansmagnus Ystgård. (Ein parentes: I løpet av 2000-talet er drosjesjåfør Ottar Ormstad, for den som ikkje veit det, blitt ei internasjonal kraft i den elektroniske poesien.)

”Søndagsfabrikken” verkar no utradert frå det felles minnet, inkje å sjå frå opplysningsmedia på nettet pr i dag. Den same stilla la seg over Kanal, som blei reklamert stort for i nr 1 1969 og blomstra opp. Det kan vere at dei skarpe politiske organisasjons-frontane gjorde sitt til dette, saman med den meir konservative litteraturestetikken som har rådd grunnen i fleire tiår.

Nok om det. Oppsummeringa av stoda når året 1969 er på held, tar leiarartikkelen i nr 5 1969 slik gjennomført: Leiarartikkelen startar med å summere opp viktige hendingar i kulturlivet, Sosialistisk Kulturfront, Kanal, det tverrfaglege arbeidsmiljøet Søndags-fabrikken, Norsk Forfattarforeinings seminar i Bergen om dokumentarlitteratur. Leiaren avsluttar med å samanfatte røynslene i å skissere ein kunstnarleg metode:
1. Det er innlysende at en kunst som arbeider med sosiale spørsmål ikke kan isolere seg. Den må søke kontakt med andre faggrupper og med massene som er direkte berørt av problemet.

2. Massene kjenner de enkelte problemene på kroppen, og kan derfor gi den beste informasjonen om dem. Men på det nåværende stadiet er de ikke i stand til å løse dem fordi de ikke har tilgang til noen samlet analyse.

3. Derfor må kunstnerne studere de økonomiske og materielle betingelsene for samfunnsforholda.

4. Gjennom sin praksis – utstillinger, teaterforestillinger, diskusjon, film – må de oppsøke dem som har direkte interesse i problemområdene som blir behandla. På den måten vil de kunne formidle sin egen forståelse samtidig som de får del i folks direkte erfaringer.

5. Kontakten som oppstår på den måten utnyttes til å skape en ny bakgrunn for kontakt og kunstdistribusjon, tidsskrift og bøker, som går på tvers av den løpende kunst- og kulturdistribusjonen.

Etter denne samanfatninga av røynslene i året som har gått, så serverer Profil ei kløktig gjort stor halvside med ”institusjonelle hindringer for en slik [kunstnerisk] metode”. Og ”institusjonelle hindringar” er dei rette orda.



F. Meir om oppfatningar & lærdom av Profils avantgardisme


Standardverket om Profil 1969 har hittil vore Jahn Thon si bok frå 1995 om tidsskrift-modellar og Profil si lengre soge. Thons store ambisjon er å dokumentere skilnader i tidsskrift-modellen. Thon viser til Peter Bürgers samanfatning av avantgardismen når han skriv om Profil rundt 1968-69. Og montasje-tenkjinga hos Peter Bürger er viktig, tykkjer eg, etter sjølv å ha prøvd teorien til Bürger i praksis når eg skal vurdere i ettertid kva som skjedde. Men Thon utnytta i liten grad dette analyseverktyet i 1995, og når han ikkje følgde opp adelsmerket på avantgarde, nemleg montasje, fekk han dermed skapt eit altfor skarpt skilje innafor Profil. For meg er det i denne artikkelen viktigare å registrere og samanfatte kva som skjedde samtidig utanfor og innanfor litteraturtidsskriftet i dei hektiske åra på slutten av 1960-talet.

Eg ønsker her å ta eit nytt døme frå litteraturen, også dette frå poesien. I Profil nr 5 1969 kunne ein også lese diktet ”Merverdi” av Kjersti Ericsson, frå ein som ikkje var medlem av redaksjonen og derfor skulle ha sin signatur ved diktet.

Merverdi

Når brødet er spist
må et annet fylle magen i morgen
når kærne er utslitte
kan vi ikke gå nakne
derfor jobber jeg ved maskinen
med svart fjes
det blir det nytt brød
og nye klær av.
Når jeg har erstattet
brødet vi spiste i går
setter jeg meg ikke på en benk i parken
og tenker på at jeg har jobbet nok
til å leve uten sorger
en ettermiddag eller kveld.
Jeg sliter fortsatt ved maskinen
men hva som blir til nå
får jeg aldri se.
Hvis det blir brød
er det ikke jeg som spiser det
hvis det er klær
er det ikke jeg som har dem på
hvis det blir maskiner og fabrikker
er det ikke jeg som eier dem


Dette er marxisme i diktform. Diktet er ein montasje av dikt og ein verdskjend teori. La oss tenkje: Diktet sto tilknytta ein relativt nyskapt institusjon. Og diktet romma sterk kritikk av nettopp samfunnssystem, industrialismen som kapitalisme! Slik har eg fått utplassert Ericssons dikt klårt under den avantgardedefinisjonen som nettverket bak dei norske studia opererer med.

Eg veit ikkje om Ericsson har tenkt på avantgarde når ho skreiv, men avantgardisme var inne i norske dikt på 1960-talet. Kjersti Ericsson har seinare eit stort forfattarskap bak seg, men ho er ikkje først og fremst kjend og omtalt for skjønnlitteraturen sin, fordi denne har halde seg utanom det vanlegaste norske litterære krinslaupet. Ni år etter - først ni år etter - at diktet sto i tidsskriftet Profil, gav forfattaren det ut saman med andre dikt som bokbidrag i ein enkel hefteserie på det dåverande alternative forlaget Oktober.

La oss sjå: Norsk vegplan i 1968 – oljefondet i dag. Kva brukast dei tusenvis av milliardane til, bortsett frå å vere eit slags spekulasjonsobjekt og reservefond for staten og bankane?

Kva så med Profil 1970, eg har ikkje sagt så mykje om dette året. Ei samla vurdering av 1970-årgangen av Profil er for meg: Mange fjerne og nære historiske røynsler blei trukne fram på nyttig vis. Sterke sosialistiske tradisjonar. Krigslitteraturen på norsk jord. Plakatkunsten i Noreg og internasjonalt. Oslo var ubestritt kjernen i Profil 1970. (Eg budde framleis i Bergen og blei der i 5 år.)

Det er viktig å oppsummere det avantgardistiske fokuset vi har vore inne på her. Under avantgarden hadde tidsskriftet organisasjonsmessig det vi – med vanlege ord - kan kalle ”flat struktur”. Verda rommar altfor mykje hierarkisk struktur. Eg har nemnd EU som noko i vedvarande krise. Reine hierarkihelvetet for folk i unionen. I Noreg har forlagsbransjen, bokomsetjinga, blitt meir og meir hierarkisk, for å ta dette dømet generelt. Og for det tredje: Ver forsiktig med å la eit avantgardistisk fokus bli forstyrra eller sugd opp av hierarkiske partipolitiske prosjekt.

Hansmagnus Ystgårds produksjon av TV-stykke forstumma. Men la meg føye til her: Bondeyrket venta på han. Samtidig: Frå den nasjonale til den lokale arenaen, utruleg mykje godt lokalt historisk teater i Nord-Trøndelag har Ystgård hatt fingrane i. Jamfør skjebnen til Karin Moe; etter sin utruleg hektiske og stuntpoetiske avantgardeperiode i 1980-åra forsvann ho til den lokale arenaen. Soga rommar avantgardistiske variantar, også i det lokale.

Ser vi framover dei kommande åra, vil eg å åtvare mot å tenkje berre på ”det freistande nye mennesket”, eg er imot å konstruere dette mennesket. Uendeleg mange slags menneske finst og blir skapt og kan ikkje bli tema for noko skrivebordsprosjekt eller tene som motiv for herskesjuke eller dumme ekspertar. Eit råd til alle litteratar: Unngå i iveren etter å vere konsekvent på reglar å bli meir katolsk enn paven. Eg vil også åtvare mot å satse berre på ”den freistande tvers igjennom nye litteraturen” à la den som Kenneth Goldsmidt heiser opp. Kanskje finst det kunst som verkar vere tvers igjennom ny, men ingen litteratur er tvers igjennom ny.

Nærleik til publikum og nytt tilhøve til publikum er eit gode. Jamfør oppsummeringa i nr 5 1969 av Profil, som eg refererte. Eg ser rundt meg i samfunnet: Manifest er både forlag og premiss-leverandør for fagforbunda. Forfattarar og kunstnarar kan knytte seg til grunnfjellet av folkelege organisasjonar for kortare eller lengre tid for seg. Igjen: Bygg på flat struktur. Sjølv om ein person i Profil 1966-1970 var ansvarleg redaktør på grunn av juridisk avsvar, så gjekk oftast det eigentlege ansvaret for kvart tidsskriftnummer på omgang mellom redaksjonsmedlemmane. Start eit nytt tidsskrift, det er ein god skole!




Kjelder:

Jahn Thon: Tidsskriftets forståelsesformer - Profil og profilister 1959-89 (1995)

Frå Per Bäckström og Bodil Børset (red.): Norsk avantgarde (2011)
- Helge Rykkja: «Eit spørsmål frå redaksjonen til ein avantgardist»
- Morten Kroh i samtale med Per Gunnar Eeg-Tverrbakk: «Om Grasgruppa og en utålmodighet som ikke lar seg stoppe»

Ole Karlsen & Thorstein Norheim (red.): Volds linjer (2010)
- Helge Rykkja: «Jan Erik Vold som avantgardist»