Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Tranströmer: Samlade dikter

Publisert 2012-02-23 18:01:09, sist endret 2012-02-29 15:00:45

Tranströmer: Samlade dikter

Tomas Tranströmer som yngre. Kjelde: Bloodaxe Blogs, Poetry Webzine.
(Vold for lenge sidan): Likar du han (Tranströmer)?
- (Eg sa:) Nei
- Ekeløf? (sa Vold ved eit anna høve. Han spurde også eingong seinare i rikstelefon om Gertrude Stein.)
- (Eg sa, og det var sant om Ekeløf:) Ja

Svenskane kjende vi tidleg; svenskane kom i bil til Trøndelag når vi var små (og ei tid skreiv bilnummer langs E6). Derimot hadde vi ikkje engelsk på barneskolen i Frol, og eg blei aldri sidan nokon kløppar i engelsk. (M.a Gertrude S kjende eg lite til.) Men vi var betre i naturdag og matte, både eg, naboguten, faktisk heile klassen på den annankvar dag-skolen vi hadde i bygda... Eg kjøpte meg Tomas Tranströmers Samlade dikter (med lommeformat) først i 2004, må eg medgje.

Og no har Tranströmer komme på norsk, heile den skjønnlitterære forfattarskapen fram til no i eitt band gjendikta av Jan Erik vold - og nesten samtidig har den smålåtne svensken fått nobelprisen i litteratur.

Jo, i 1950-åra var Tranströmer god, betre enn norsk poesi i 1950-åra, tykkjer eg ved ettersyn. Breie sjangrar, det finn eg når eg endeleg les gjennom, og møter enkelte langstrekte dikt. Tomas Tranströmer var original, men likevel romantisk, heng fast i eg-et, slik mange poetar på 50-talet (og seinare) gjorde. Forfattarskapen til Transtömer har overvekt på viktige utanlandsreiser; for der er det passeleg distanse, det tenkjer eg. Likevel må eg medgje at forfattaren la ut på spennande reiser rundt i verda.

Poeten er mykje ved havet, noko som er typisk for 1950-talspoesi i det heile. Eg lika enda betre Sigbjørn Obstfelder og Kristoffer Uppdal og Inger Hagerup og Inger Christensen og Gustaf Fröding og han som seglar på Mjøsa. For meg kan ingen måle seg i havsalte dikt med Evert Taube.

Jamført med andre i Norden som utvikla seg mot 1960-åra, var Tranströmer altfor fisefin og redd i desse åra; poeten tok for lite inn over seg av ny erkjenning frå oppbrotet i masserørsla og meir direkte stil, tykkjer eg. Eksempelvis la han eit distraherande trykk på wiener-klassisisme i 1960-åra, når han bruker uviktig musikk-teori som ”c-dur” og ”allegro” til titlar på dikt, medan han alt i debutdikta 1954 tilsvarande brukte dei godt dekkjande titlane ”ostinato” (fint om havet som rullar) og ”elegi” (klagesong).

Det er kontakt med samfunnet i dikta, og solid vitskap om naturen, men ikkje tilstrekkeleg kontakt med fellesskapen, er det vel? Noko av det beste for meg i 1966-boka Klanger och spår er diktet ”Sommarslätt”, fordi det rett og slett er ”lett” å lese og forstå og har ein sterk utgang:


Man har sett så mycket.
Verkligheten har tärt så mycket på en,
men här är sommaren till sist:

en storflygplass – trafikkledaren tar ner
lass efter lass med frusna
människor från rymden.

Gräset och blommorna – här landar vi.
Gräset har en grön chef.
Jag anmäler mig


Ein kan nok forstå tittelen ”Sommarslätt” både i retning av Sommarslett og Sommarslette, på grunn av ein dobbeltydnad på svensk (som vi norske ikkje ser så enkelt, sidan ei slette på svensk heiter berre ”en slätt”). Jan Erik Vold bruker, og må bruke, tittelen «Sommerslette» i den eigna versjonen på bokmål.

Eg gjer eit sprang. I poesien sin utvikla Transtömer seg vidare etter 1960-åra. No skal eg sitere diktet med musikktittelen «Postludium» frå frå boka Det vilda torget i 1983:


Jag släpar som en dragg över världens botten.
Allt fastnar som jag inte behöver.
Trött indignation, glödande resignation.
Bödlarna hämtar sten, Gud skriver i sanden.

Tysta rum.
Möblarna står flygfärdiga i månskenet.
Jag går sakta in i mig själv
gjenom en skog av tomma rustningar.


Ordet «dragg» er dregg. Eit fint bilete. Men heile diktet har noko draumeaktig over seg, det er nett slik den dagklåre sømnen uttrykkjer seg. Eg meiner dette er inspirert av surrealismen i film og målarkunst, slik mykje av Tranströmer sin poesi ser ut til å vere, og meir etter kvart som poesien hans finn si endelege form. Noko tilsvarande oppdagar ein også til slutt ved Georg Johannesens diktbok Ars Moriendi frå 1965, etter at den norske diktaren sjølv opplyste om påverknad frå surrealismen. I ein enquete mange tiår seinare blant poetane i Noreg blei Johannesens Ars moriendi rangert heilt på topp.

Det er tett med bilete i surrealismen. Dei to orda til slutt i diktet over, «tomma rustningar», kan nok godt vere frå psykologien sine tenkte forsvars-mekanismar, men dei er helst frå surrealistisk inspirasjon og eit vakkert diktavsluttande bilete - .

Eg går vidare igjen. Med Transtömers vidgjetne bok Sorgegondolen frå 1996 möter vi for første gong hos poeten haikuar, 11 i talet. Den første av dei er som følgjer (obs alle haikuane har 5 + 7 + 5 stavingar, slik det skal vere):



Kraftledningarna
spända i köldens rike
norr om all musik.



Dette er starten på ei rekkje med fire ulike, men samanhengjande haikuar. Her ser eg «all musikk» nesten som noko konkret, ettersom ein er van med den konkrete musikkverda hos poeten. Seinare står eitt av haikuane i avdelinga heilt for seg sjølv (med eige nummer) og lyder som følgjer:



Orkiéerna.
Tankbåtar glider förbi.
Det är fullmåne.



Også dette kan ein forstå som surrealisme, sjølv om meire realistiske tolkingar frå ei nattleg innsegling til Stockhom er like moglege. Eg tenkjer på surrealismefilmar som eg nesten ikkje hugsar, når eg les Tomas Transtömer, eg tenkjer på målarar som Magritte og Dali, som eg har bøker om. Og eg trur at det er nett der i surrealismen at norsk poesi, og svensk sikkert, har endt og framleis er.

Men folk ser annleis på forfattaren enn eg gjer. Da Sorgegondolen kom ut i 1996, skreiv Geir Gulliksen denne omtalen av boka i Vagant.




¤ Kva eg likar og ikkje -


Eg starta denne artikkelen med at eg ikkje likte poeten (den gongen). Når eg skal vere ærleg, og det vil eg vere. Delvis er eg urettferdig med poeten. Dette er spesifisert slik: Eg likar godt at han har ein fast jobb og held på jobben ved sida av skivinga. Men så reagerer eg på at det er arbeid som psykolog han har, det vil seie psykolog i ulike former, nesten alle år. For personleg manglar eg tillit til at psykologar kan seie noko som verkeleg held om samfunnet. Dei sporar av. Altfor ofte forlet psykologien det vitskaplege og røynslebaserte.




¤ Jan Erik Volds gjendikting


Jan Erik Volds gjendikting av Tomas Transtömer er samvetsfull og baserer seg på mange års arbeid med den svenske poeten sine mangetydige diktstrofer. Også i dette litterære arbeidet slik som i andre redigerings- og gjendiktingsoppgåver kjem Volds sans for konkresjon og Volds systematiske blikk for smått og stort til sin rett. Frå før veit vi at Vold har stor kompetanse i å finne ulike stilnivå både i svensk og norsk, og han kjenner begge språka ut og inn etter lang personleg røynsle i desse landa.

Ein ting er svært openbert: Volds spesielle program er å unngå alt som kan stå som retusjering av den svenske poeten sitt samla verk.

Arbeidsmetoden Vold bruker, er stadig å la gjendiktingsarbeidet gå over tiår på tiår. I Tranströmers tilfelle hadde gjendiktaren eit intervju med poeten første gong i alt 1965, eit intervju som kom i bokform 10 år etter.

I eit heilt dikt - korleis blir så Vold-versjonen kontra Tranströmers eigen? Følgjande biletfylte dikt er atter frå 1983-samlinga Det vilda torget, og nokre dikt framfor det siterte ”Postludium”:


Satellittøyne


Marken er ru, intet speil.
Bare de groveste åndene
kan speile seg der: Månen
og Istiden.

Kom nærmere i dragedisen!
Tunge skyer, myldrende gater.
Et susende regn, regn av sjeler.
Eksersisplasser.



Dragedisen! På svensk har Transtömer skrive omlag det same, men berre om lag, i originaldiktet. Enkeltord, viktige nok, liknar ikkje på svensk, slike som ”stäv” (står nesten først) og ”kaserngårdar” (står aller sist), sjå under. Rytmen blir her likevel nesten den same på begge språk... Begge lands innbyggjarar har fått utgåver av Tomas Tranströmers dikt på sitt eige språk. Og somme lesarar vil nok sikkert ha poeten på begge nordiske språk.


Satellitögon


Marken är stäv, ingen spegel.
Bara de grövsta andarna
kan spegla sig där: Månen
och Istiden.

Kom närmare i drakdiset!
Tunga moln, myllrande gator.
Ett susande regn av själar.
Kaserngårdar



Men Jan Erik Vold har tatt dette. For ordens skuld: Tittel på den nyaste gjendiktinga av Tomas Tranströmer til norsk er Dikt og prosa i samling. Forlag er Gyldendal.