Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Inntrykk av poesi 2011

Publisert 2012-01-23 09:21:01, sist endret 2014-02-06 17:07:17

Inntrykk av poesi 2011

Han skal ifølgje nettet vere Brage, den norrøne guden for skaldskap.
Det byrjar å komme nye diktbøker alt no i januar (2012); tidleg er det, men forlaga vil vel spreie utgjevingane mest mogleg utover, slik at dei (bøkene) ikkje skal forsvinne i ingenting (i seljarvinden). Likevel så reknar eg utgjevingane i fjor som ferske framleis og langtifrå for mykje - og neppe for djupt - kommenterte. Slik eg ser det er desse diktbøkene verde å ta ein kikk på, der dei er, og kanskje passande lese på nytt. Eg vil bidra med omtale.

2000-talet markerte eit skilje i norsk lyrikk. Mangfaldet i lyrikken blei større enn før, konseptbøker og tematiske konsentrasjonar kom til, topografiske dikt og blandingsbøker kom inn. Mediet blei såleis straks atskilleg mindre trongt og likt seg sjølv. Kor viktig blei 2000-talet sine oppdagingar for diktbøkene i 2011? Her, i diktet under frå 2011, er sansane og det konkrete, både synet og hørselen/musikken, og vidare bokstavane (dvs språket og papiret/blyanten) og den uttalte livsfilosofien, alt dette, brukt og forska på.



Jeg har sett Fujifjellet. Jeg har sett The Great Plains. Jeg så Ohrid-sjøen mens tåka lettet. En gutt i tiårsalderen løp med en plastpose på Lido-stranden. I fjellene ved grensa mellom Italia og Slovenia vokser vinrankene. På en vegg i kyoto står det: NOW, LIFE IS LIVING YOU

Gap opp så klarer du litt mer. Tunnelen inn til små rom, ELEVATOR ESCALATOR. Si A og B og Shibuya.

Si A. Alle fjell i Japan er spisse. Der er lyset hvitt som rispapir. Hvitt har alle fargene i seg. Is og frost og snø. En sangfugl faller i snøen. Svingninger, svaininger, syngende mysterier.

Si B. Bambusskogen nynner. Ginkgo biloba. Blyantskrell ligner vissent løv. I håret en ensom blomst. I mosehagen et lys som ligner gull.



Forfattaren av dette diktet er Marte Huke, og ho debuterte på tidleg 2000-talet og gjorde seg gjeldande med forsøk på tvers av kunstartane, med diktbøkene sine. Dikta i fjor heiter De fire årstidene.



Er det greit med eit oversyn no over alle omtalene eg gjorde? Her er ca 30 omtaler av nye diktbøker som kom - på norsk – i 2011. Det er likevel ein del interessante bøker som eg ikkje har lese i og fått fatt i. Dette gjeld mellom anna nobelprisvinnaren Tomas Tranströmer på norsk, som er blitt heftig diskutert i Dag og Tid. Og det gjeld også, dessverre, for interessante norske debutantar at eg ikkje har rokke over. Men desse diktbøkene har eg kommentert:



¤ Februar-mai

Jon Øystein Flink: Roger

Lina Undrum Mariussen: Finne deg der inne og hente deg ut

Helge Torvund: Alabama

Rune Christiansen: Jeg har tenkt meg til de elyseiske sletter



¤ Juni-juli

Vladimir Majakovskij: Mennesket

Pål Angelskår: I sommer skal jeg gifte meg med Cecilie

Torild Wardenær: Mens Higgsbosonet gnager



¤ August-september

Gilles Dossou-Gouin: En fremmed I Hustadvika

Marina Tsetajeva: Milestolpar

Velimir Klebnikov: Tidens ingenkonge

Jan Erik Vold: Store hvite bok å se

Rebecca Kjelland: Leve gammaldansen!



¤ Oktober

Helge Stangnes: Vintersang. Dessuten ”Notbas”

Per Jonassen: alt som ikke finns

Monica Isakstuen: Alltid nyheter

Per Kristian Cani: Atlas



¤ November

Asieh Amini: Kom ikke til mine drømmmer med gevær!

Anne Kleiva: Nokre versjonar av Anne

Arvid Torgeir Lie: Mot det ærlege lyset: ordspelarens skygge

Jon Hjørnevik: Flukta frå rekkehuset



¤ Desember

Rawda Carita Eira: løp svartøre løp

Gro Dahle: Støvet, skyggen, hunden og jeg

Ove Røsbak: Sorgen dænse på ælven i mårråassol

Ingrid Storholmen: Til kjærlighetens pris



¤ Januar

Arnt Birkedal: Sinus

Radovan Pavlovski, Makedonia: Sigøynarar

Øyvind Rimbereid: Jimmen

Ann Kavli: ut av juli




Vi har enda meir på tampen her. Erlend O. Nødtvedt gav ut Bergens beskrivelse i fjor, som ein parallell til både historikaren Absalon Pedersson Beyer si tilsvarande topografisk-historiske skildring frå Bergen og den vidgjetne barokkdiktaren Petter Dass sin Nordlands Trumpet.

Typografisk tar Nødtvedt det langt ut, og han fråtsar i kart og foto. Eg skal sitere kort frå boka og gjev att dessverre utan gotisk «skriftprøve» side 8:


regnsvart
schnæ graat schnæ Sorgtræ
kulan med aa hvithuse det brunfuktige
Taakever Damm
en hakkete
Horisont
en hakkete Tyskebrygge
la mig heller
leve i Dalen daaeh
la mig hogge løvstakkesteng
la mig for Ravnevingevalleslette lyse
la mig slippe
Bjørgvin



Erlend Nødtvedt rettar skrifta si til bergensarar, både ved utvalde notidige tilhøve som iallfall bergensarar veit om, og enkelte bergenske spesialgloser, ikkje så lite bergensk spesiale i grunnen, og uttaleskriving utover den mest velkjende bergensdialekten (sjå: daaeh). Dette er alt saman pakka inn i førromantikkens interesser og skrivemåter, på eldre dansk(norsk).

Grensene mellom alle desse ulike komponentane er lite opptrukne for ein nasjonal diktlesar som meg, og boka er innfløkt å skildre, tykkjer eg, om ikkje nødvendigvis motbydeleg å lese. Intensjonen til diktaren er sympatisk. Og vi må hugse på at Bergen i fleire hundreår, heilt til 1900, var det økonomiske og kulturelle sentrumet i Noreg og har ikkje gløymt det.

I forfattarskapen sin knyttar Nødtvedt seg til den topografisk poetiske diktinga, den som Øyvind Rimbereid har gått i spissen for på 2000-talet (praktisk og teoretisk), og Erlend O. Nødtvedt gjer det i ein slags uvøren hatkjærleik, slik ein person født i Bergen (Fyllingsdalen) berre kan gjere for fullt. Også dei relativt moderne litterære allusjonane som han bruker, peiker hit til Bergen. Eit av omkveda i boka er: «øs øs». Dette går aller mest tilbake på bysbarnet Nordahl Griegs berømte livbåtscene med kjempande sjøfolk i krigsdramaet Vår ære og vår makt, der denne tittelen er ein ironisk parallell til Bjørnsons kjende omtale av seglskutetida på det mektigaste hos oss.

Erlend O. Nødtvedt debuterte i 2008 med ei ekspressiv diktbok om hordalendingane, så vidt eg hugsar. Bergens beskrivelse er ei av 2011 sine mest skitne bøker.




¤ Februar (omtale skrive 2012)

Harald Bøckman har gjendikta Kvinnestemmer i Kinas eldste poesi

Cornelius Jakhelln: Kosmopolis

Tomas Tranströmer: Dikt...