Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  løp svartøre løp

Publisert 2011-12-06 17:35:53, sist endret 2012-01-06 09:42:09

løp svartøre løp

Reinsdyrsflokk like nordaust for Puollanvarre. Foto: Geir
Dette høyrast kanskje ut til å vere ei barnebok, men er ikke meint som det. Mangfaldige av gode vaksen-bøker kan gjerne brukast også som barnebøker. Rawdna Carita Eira - ho bur i Kautokeino - har no skrive diktsamlinga løp svartøre løp. Eira har vore reineigar, og det er som reineigar eller reingjetar ho fortel. Det første diktet (etter ein prolog) presenterer personar og innleiande situasjon:


áhkku og jeg
rører blodet
løfter ut størknede klumper
rører rører rører

”hvor lenge skal vi røre?”
”Til det er nok.”


I boka finn eg ofte det same fåmælte som hos Vesaas, f.eks i novella hans ”Hesten frå hogget”. Om tekstar skulle vere fåmælte, kan dei likevel ha mykje drama i handlinga. Og kanskje nettopp da, for ved det fåmælte finst også det tøffe. Det er fleire ting i Eiras diktsamling som liknar på ”Hesten frå hogget”, og korfor ikkje? Kanskje har Eira med stoffet sitt skrive opp imot denne velkjende Vesaas-novella?

I diktsamlinga til Eira er ofte blikket frå reinen, det korte blikket eller det faste blikket, viktig og gjort som bilete på ein kamerat. (Hos Øyvind Rimbereid - i boka av året - er det blikket hos hesten Jimmen vi møter.)

Først og fremst kva får eg ut av boka til Eira? Felleskapen mellom eigar og dyr, her er det reinen, blir tematisert, altså det nære tilhøvet i liv og død mellom menneske og viktig buskap, ein felleskap trass i manglande ord hos dyret. Folk kjenner det sikkert igjen, rundt om i verda, kor nært dette kan vere det vesentlege i livet. Og ”svartøre”, som spring og spring, det er reinen, ein kjær rein i flokken.

Forlaget - som er Gyldendal - opplyser at forfattaren har skrive for teater og for Mari Boine. Rawdna Carita Eira har jobba både som inspisient og dramatikar knytta til det samiske nasjonalteateret.

Diktsamlinga er ekstra stor, fordi heile samlinga er gjendikta og gjengitt på samisk. Dette arbeidet har forfattaren og Heaika Hætta gjort saman. Eg kan ikkje samisk, men har samisk ordbok; og den samiske varianten av diktet etter prologen er iallfall slik:


moai áhkuin
firro vara
sirrejetne gillomiid eret
firro firro firro

”Man guhka galge fierrut?”
”Dassa lea doarvái.”


Sjølvsagt er ”firro firro firro” det same som ”rører rører rører”. Eg tenkjer på alle samane som bur i Oslo. Samane som bur i Oslo og andre stader i landet utan reindrift, dei bør kunne lese boka til Rawdna Carita Eira. Dette er ei tilråding til dykk. Og eg meiner ikkje at folk i dei samiske kjerneområda skal la boka vere uopna eller at andre nysgjerrige skal hoppe over denne boka..

Jamføring: Alle kan jamføre norskversjonen med den samiske gjendiktinga, slik boka er stilt praktisk opp, og på den måten ha den siste som ein oppfriskar i samisk eller eventuelt som interessant innblikk i enkelte samiske ord og uttrykk.





Lenke: Den samiske nasjonalsongen .



Ps 12/12-2011:

Rawdna Carita Eira er - saman med Øyvind Rimbereid for Jimmen - nominert frå Noreg til Nordisk Råds litteraturpris.