Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Lyset versus ordspelarar og medieskugge

Publisert 2011-11-25 15:36:58, sist endret 2016-10-22 16:34:39

Lyset versus ordspelarar og medieskugge

Arvid Torgeir Lie. T.d. forside på: 39 fragment over ein harmonika (2001). Merk: Harmonika kan vere munnspel eller trekkspel.
Dette skal handle om tilrop til - dvs odar til - «den vesle mann og den vesle kvinne». Poeten Arvid Torgeir Lie har gjeve ut ny diktsamling, Mot det ærlege lyset: ordspelarens skygge. Arvid Torgeir Lie møtte eg alt i 1962 på Tokke ungdomsskole i fasen som ”studentlærar” (og eg var nitten). På den tida var det ein godt røynd prosaforfattar i lærar-personalet, det var Aslaug Høydal med sine ferske aktuelle romanar på samvitet, men i tillegg var vi heile 2 ungdomar som straks etter skulle bu seg på den skrivande livsoppgåva, det var Arvid og eg. Og eg var innom Tokke ungdomsskole berre for eitt år, medan Arvid Torgeir Lie, som var frå lokalkommunen (nærmare bestemt bygda Skafså), han tok ein liten strøjobb der i 1962, før han reiste til Oslo.

Telemarkskommunen Tokke er bygd opp på anleggsarbeid og industri og gruvedrift. Arvid Torgeir Lie var godt kjend med det svært lokale industrisamfunnet Åmdalsverk, der far hans hadde jobba i koppar-gruve (inntil nedleggjinga, venteleg) og der predikanten Åge Samuelsen (pinsevenn) kom på vitjing og hadde eit solid tak på bygdefolket sitt religiøse liv. Dette siste var eg sjølv vitne til ein frelsande kveld i Åmdalsverk. Det var eit sabla liv.

Etter sitt studieopphald i Oslo - vel hugsar eg Arvid Torgeir Lies interesse for at psykologiske spørsmål var oppe til debatt - så flytta Lie tilbake til heimtraktene og ernærte seg der som tømmerhoggar ein lengre periode. Eg hugsar han også som debutert poet året 1967. Mange nye poetrøyster kom til i desse åra. I det radikale klimaet som utvikla seg internasjonalt på denne tida, var han radikal sosialdemokrat og ein radikalar som ofte skreiv sosialt engasjert gjennom dikta sine. Eg likte det han skreiv om arbeidsliv og skogen og Calle Jularbo. Sameleis med dette diktet frå 1969:



VASKEKONENE PÅ BLINDERN


Som maur strevar vaskekonene
seint om kveldane
flittige på professorane sine mange kontor
på Blindern,
plukkar forsiktig opp papir,
fyrstikker og kanskje ein tiøring,
flyttar på stolar, syng på ein liten melodi,
tømer askebeger, papirbøtter,
tørkar støv, tenker litt på professorane sine tankar
på vaskekoner og verden,
passar på at alt er på plass,
slokker lyset og låser seg stilt ut,
flittige små vaskekoner,
utan at ein har merka det har dei vore der
når morgonen kjem.


(Arvid Torgeir Lie, frå ei samling i 1969)

Vaskekonediktet er konkret og indirekte. Arvid Torgeir Lie pla etter kvart leggje språket i eit særskilt leie og ofte på ein måte som ikkje andre brukte, blant anna tilførte han trekkspelet og Carl Jularbo til norsk poesi (og iallfall ulikt det som den på andre måtar sjeldne Alf Prøysen gjorde). I den nemnde diktsamlinga frå no i år kombinerer Lie samfunnskritikken & refleksjonen - som på sterkt vis er den same som førti år tidlegare - med eit eige utvikla poetisk høgspråk.

Det er ikkje alt som er enkelt og ukomplisert, nei. Utviklinga i samfunnet går ifrå eldre folk, slik at dei får kjensla av framandgjering og at alt var betre før. Hos Arvid Torgeir Lie snakkar vi ikkje om eit program à la ”alt var betre før”. Men slike synspunkt kan nokså lett fange godt vaksne poetar i ei lei felle.

Lie blei elles fødd i 1938, altså i vestre Telemark, og har gjeve ut elleve diktsamlingar til no, pluss ei Dikt i utval-bok (Lanterne 1982) og ei novellesamling. Som ein innfallsport til diktboka si i år skriv forfattaren sjølv om desse dikta (med to linjer som kjem etter innhaldslista, men før dikta):
Ein refleksjon over lyset og glansen;
- eller om smerta i vår tid.
I Arvid Torgeir Lies diksjon finst det både noko myndig og noko brysk og noko sårt og vart. Det aller første diktet i den største avdelinga i boka fangar lesaren både med intensitet og ein villa porsjon nonchalanse:


LENT MOT PENGAR OG GLANS


1
Så, ein dag, og lent mot pengar og glans,
ga ordet seg av
til den mektige spelaren,
og hans gløymsle.

2
- Ja, bort frå lysets plass til denne meistar
i forbyttingas kunster, ga ordet seg av,
som gjer synleg og usynleg,
meir kynisk og meir fjernt for kvar dag.

3
Og inne i sin ordskygge, skilde han oss
frå det mangfaldige lyset,
der den vesle mann og den vesle kvinne,
var prisgjevne hans oppfinnsamhet,
og mistrøystar i sine liv!


Allereie etter eitt dikt til i den store avdelinga - så roper det følgjande diktet ut: «O, vesle skapning, o, lys»! Og eg kunne sitert heile dette diktet, men går likevel eit steg vidare på nett poetisk roping. For seinare så roper diktet kalt «O, vesle mann og den vesle kvinne» slik i introen:

O, vesle mann og vesle kvinne, lokka inn
til ordmaskeraden hos dei mektige,
(...)

Tradisjonen som er nytta her, det var å gå i det poetiske boksehjørnet for å rope til guddommen. Og det er sterkt når det skjer her, til «vesle mann og vesle kvinne». Tradisjonen med tilrop er lenge teke i bruk gjennom oden, frå oldtida av. Her vil eg skyte inn at Arvid Torgeir Lies dikt i denne boka passar bra å få etter hendingane 22. juli, vi snakkar om eit heldig samanfall, heldig for oss.

I dikta over har vi alt møtt omgrep som «ordskyggen» og «ordmaskeraden». Mot slutten gjer boka ei eigen handsaming av orda. Den siste avdelinga i boka heiter I MEDIESKYGGENS GLANS og blir innleidd med dette kortdiktet:


I medieskyggens glans
er vi blitt ein usynleg,
- og ein umyndiggjort.


Vi veit for lite om forfattaren Arvid Torgeir Lie. Dette må nokon gjere noko med. Få på plass opplysningar på Wikipedia og i det nye nettleksikonet Allkunne. Sitér t.d. frå Kjell Heggelunds redigerte bok frå 1981: Dikt i utvalg (med etterord). Dei to, Heggelund og Lie, var begge med i Basar-gruppa frå midt på 1970-talet. På same tid var forresten Arvid Torgeir Lie med på å redigere den omfangsrike politiske diktantologien på forlaget Oktober: «La hundre blomstre blomstre» (etter kinesisk ordbruk), han var saman i redaksjonen med Arnljot Eggen og Stig Holmås. Med i denne sjeldne samtidsantologien var svært mange poetar, også eldre folk på den tida (1975): Eksempelvis Magnhild Haalke, Rolf Jacobsen, Olav H.Hauge, Gunvor Hofmo, Inger Hagerup, Hans Børli, Martin Vestlien, Paal Brekke, Harald Sverdrup. Rundt 1990 blei Arvid Torgeir Lie gjendikta på serbokroatisk, hugsar eg, i same slengen som Kate Næss, Bjørn Aamodt og Annie Riis.





Ps 12/1-2012:

Ein kan møte Arvid Torgeir Lie i Hamar på Rolf Jakobsen-dagane , som byrjar 8.mars. Og deretter, 12. april, kjem Arvid Torgeir Lie til eige arrangement om poeten Lie i Diktets Venner, Skien. Dette er ein slags heime-bane.