Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Flukta frå rekkehuset

Publisert 2011-11-18 09:41:28, sist endret 2015-09-12 20:59:13

Flukta frå rekkehuset

Jon Hjørnevik: nyaste diktsamling
er Jon Hjørneviks nye dikt. Få gjer seg så personleg gjeldande i det litterære liv - iallfall når det står om poesi - som vossamannen Jon Hjørnevik. På samtidig vis har han vore svært aktiv moromann og ein stadig produktiv poet. Det er berre eitt år sidan dei fire første diktbøkene hans kom om att på forlaget Samlaget, i form av det illustrerte samleverket Jon Hjørnevik samlar seg.

Hjørnevik er ekspert. Kva er det Hjørnevik er ekspert på i poesien sin? Han dreg kjernefamilien sin song. Han dreg kjønnsrollene sin song. Frå ei enkeltbok til ei anna kan han også gå frå 70 % komikk til 80 % tragikomikk. Gjøglaren ville i alle fall ikkje stifte nokon kjernefamilie for eigen del, utanom den kjernefamilien som mest er far og mor sin. Hjørnevik er også ekspert på det alvorlege temaet som alkoholisme er, eit tema som den kjende og gode Per Sivle frå Voss ikkje tok nok tak i.

1. Det er få, om ingen, poetar som blir etterspurde så mykje som Jon Hjørnevik. Og dette merkar vi som er på nettet. Noko av suksessen skuldast ei enkel Hjørneviks balladeform med fire, fem, seks korte strofer for kvar enkelt song og ein repeterande konsentrasjon om orda. I den nye boka - Flukta frå rekkehuset (som sagt) - køddar han med dei fødande:


Eg veit ein ting sikkert,
heilt innerst inne,
eg ville fødd heime
om eg var kvinne.

Eg ville fødd heime,
”på gjengrodde stier”,
fylt huset med pressing,
med krampar og rier.

Eg ville fødd. heime
her heime i stova,
så naboen min
ikkje fekk sova.

Eg ville fødd heime,
med jammer og skrik,
så naboen min var
bleik som eit lik.

Eg ville fødd heime
med ulande song,
ein krevjande fødsel
som enda med tong.

Eg ville fødd heime
med nevane knytta,
og skrike i smerter
til naboen flytta


Etter sjølve innleiingsdiktet så kom altså akkurat dette diktet i Jon Hjørneviks nye bok. «Typisk mann» dette, kanskje? Ingen har vel kødda med dei fødande på dette viset før? Vel, dei som har kødda mest med fødande, det er nok politikarane som har lagt ned fødetilboda lokalt med ein tvilsam filosofi som grunnlag: at sterkt sentraliserte tilbod er det tryggaste og billegaste.

2. Ei ny og svær bok med tittelen Flukta frå rekkehuset ligg på bordet. Også denne er illustrert. Det er enkle, utsøkt folkelege, men eldre rekvisita som gjeld. Definitivt uplasserte og malplasserte utgamle familieportrett-liknande portrett. Portretta av artisten er notidige, men så manipulerte og forvanska at Hjørnevik kan likne på ein sjuk mann med tomt blikk eller gjerne ein framandkulturell kunstnar eller ein hardt pumpa popmusikar (bortimot den langhåra Frank Zappa). Spesielt hårfasongane skiftar frå kunstnarportrett til kunstnarportrett, og alt dette får ei meining: Nemleg at dei står på eigne bein, tekstane i boka. Poeten står trygt.

Og poeten tar på seg, ofte, ein superseriøs ytre klednad i orda sine, når han parodierer og utnyttar velkjende versliner. Hjørnevik viser dyktig til og låner eldre nasjonal lyrikktradisjon, men han peikar også hendig og overtydande mot aktuelle tema som engasjerer folk i kvardagen.

3. Hos forfattaren finn eg ein særs høg sjølvironifaktor blanda med eit djupt barnsleg alvor. Han er ofte god på ny tematisk vri; slik som med ein sjølvmordsbombar på slektsstemne og slik som med eit kjærleiksdikt til fylkeskommunen... Mange dikt og mange titlar i boka overtyder meg som lesar. Her har eg plukka fram somme av titlane i den nye boka ut frå det eg har sagt over, og laga ei talande liste. Desse titlane lover mykje:
Den fyrste fotballsong eg høyra fekk
Eg trivst best i eige selskap
Eg er ein mann av den nye tida
Du ska ikkje trø i kunstgraset
Eg vil takka staten
Kjærleiksdikt til fylkeskommunen
Heime med sjukt barn
Nabovarsel om nabovarsel
Kom og sjå på ungen.
Det er den proffdraumen
Hald på hesten, sa besten
Den gamle målmannen og havet
4. Kvaliteten i den svære og elleville diktboka vekslar vel noko undervegs. For meg er det ei litt vel dryg fotballavdeling mot slutten å komme gjennom, når poeten er innom både Terje Kojedal, Tord Grip, Emile Heskey og Håvard Heade (sikkert Håvard Flo) i kvart sitt eige dikt på kort tid. Men alt i alt har forfattaren tatt eit godt steg vidare i den breie og ikkje enkle motivkrinsen som han utfordrar gjennom dikta! Og forlaget som har gjeve ut Jon Hjørneviks samlingar, inklusive denne siste, skal ha ære av den samla satsinga. Altså Det Norske Samlaget.

5. Diktet som kjem rett etter siterte «Eg ville fødd heime», vil eg stoppe ved til slutt. Også «Den fyrste fotballsong eg høyra fekk» helsar til vossadiktaren Per Sivle, ein mann som kunne vere både stor folkelivs-skildrar og djupt alvorleg i sogene sine. Det er få songar vi kan synge så godt som Sivles tidlege meisterverk «Den fyrste song eg høyra fekk» (enda det kanskje er eit par ord der som vi berre skjønar halvvegs). Desse fire strofene hos Hjørnevik går i eit anna og meir kunstferdig versemål enn hovudparten av dikta i boka:


Den fyrste fotballsong eg høyra fekk,
var far sin song ved vogga,
dei store ord til hjarta mitt gjekk,
men kunne ei gråten stogga.

Den reiv i meg med så underleg,
så eg ikkje fekk til å sova,
til stadion den synte meg veg
då far min song høgt i stova.

Den vegen ser eg no enno titt
når eg ikkje får sova og kvila,
det store publikum smiler blidt,
som berre dei kan smila.

Og når eg sliten går frå kamp
med laget som stadig feilar,
eg høyrer høgt frå far si grav
den fotballsong som laget heilar.