Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Spørsmål frå redaksjonen til ein avantgardist

Publisert 2011-11-14 07:30:46, sist endret 2013-08-26 13:08:36

Spørsmål frå redaksjonen til ein avantgardist

Lokalt avisfoto av Helge Rykkja, frå torg i Kragerø
[Om denne publiserte artikkelen: Frå starten av var teksten eit tinga innlegg som eg heldt på seminar om norsk avantgarde; eg svarte på spørsmålet frå Per Bäckstrøm om kvar eg fekk impulsar frå til diktboka mi BOK (1966). Innlegget mitt blei deretter trykt i det omfattande verket Norsk avantgarde, på Novus 2011. Verket er redigert av Per Bäckström og Bodil Børset. På nettstaden bruker eg det meste frå innlegget i Norsk avantgarde. HR]

Først svarer eg med ein presentasjon pr dato: Til vanleg har eg tre roller i litteraturen. Det er: 1) Publisist på nettet, publisist i eit eige «format». 2) Lang førtiårig poetisk praksis, likt det som andre av mine samtidige kameratar har... 3) Debutboka mi BOK si rolle, som døme anten på historisk konkret poesi i Noreg, eller BOK som avantgardisme i samanheng med ein kort fase av det skiftande redigerte Profil (tidsskriftet).



Kvar fekk eg impulsar frå? Nordisk avantgardisme?

Dette er det ingen som har spurt meg om før no. Eg legg vekt på kontrast og montasje når eg skriv det følgjande.
”Montasjen er den viktigste fellesbetegnelsen for avantgardismen i vårt århundre.” Jahn Thon i Tidsskriftets forståelsesformer (Cappelen akademisk forlag, 1995.)
[Jahn Thon tok utgangspunkt i ei liknande påpeiking av Peter Bürger.]

Tida kan eg skru tilbake. Utan tvil fanst det ein avantgarde i Norden da eg byrja så smått å skrive i 1963. Og kva tok eg imot av impulsar frå den avantgarden som fanst då?

Det som eg fekk, verka lite og tilfeldig sendt den gongen, det kunne vere konkretisten og ordlagaren Bengt Emil Johnson - i ein diktantologi. Enkelte innslag kom i tidsskrift og i periodiske nordiske lyrikkantologiar.

Men da eg var saman med Jan Erik Vold om Kommet forlag andre halvdel av 1966, var Vold til dels avantgardist, og eg fekk lese ulikt av boklitteratur hos han på hybelen i Briskeby, bl.a Åke Hodells kortfatta anti-militaristiske konkrete tekst igevär. For meg blei det faktisk lett å bli fanga av ein ny – og uvan - estetikk på denne tida. Og dette mottakelege hos meg hadde vore der tidleg i livet og har følgd meg i vaksen alder. Og der og da: Jan Erik Volds mange innslepp frå USA og frå Sverige, alle desse var svært viktige for meg, når vi to hadde samarbeidet vårt, som strekte seg til Kommet Forlag blei ”innlemma” i/ gjekk inn i/ Paxlyrikk-serien (etter eit samankalt møte med Pax-folka). Alt i alt var eg ikkje lenge i litteraturbransjen, eg hadde berre eit par år fullt konsentrerte i denne bransjen.

Eigentleg fekk eg like mange impulsar til BOK ifrå andre kunstartar som ifrå litteratur, ei svær Matisse-utstilling i København, som eg droppa innom, tidleg på 60-talet, helst var det vel 63. Eller det var ein kunstnarroman om Paul Gaugins dramatiske liv. Ein fransk bankfunksjonær gift dansk og som endte opp med å gjere alt sosialt annleis og kunsten ny, det gjorde inntrykk.

Men også heilt andre kunstartar var eg open for å sjå på. For meg kunne det like gjerne vere moderne ballett-framsyning på det ferskt utbygde norske fjernsynet som det kunne vere enkle fotografi, i nytrykte leksika, av ballettpioneren Martha Graham. Heime hadde vi hatt eit populært musikkleksikon frå 1951, som gav meg tidlege impulsar til ulike retningar og i alle krikar av musikkverda. Og etter eit raskt overstått eventyr med realfag byrja eg på akademisk musikkstudium. Under det aktiviserande musikkstudiet på Blindern åra 1965/66 blei eg nærmare kjend med sjangrar som blei kategoriserte som Ny musikk, til dømes retningar som ”konkret musikk” og «nyvennleg musikk» med tilløp til iblanda moderne danserytme. Den viktigaste læraren i denne samanhangen var Kjell Skyllstad. Blindern-studiet sin kvinnelige stemmepedagog kjende på mellomgolvet mitt og pustinga mi og sa at eg hadde ”temperament”, noko eg ikkje visste om før ho sa det.

Tenkjer eg nærmare etter, så las eg tilfeldigvis ei diktbok med finlands-svenske Gunnar Björlings for meg artige drastiske syntaks-avkortingar, kan det ha vore sommardag(ar) og sommarkveld(ar) alt i 1963 på sykkel, rett etter eit år i yrkeslivet? Kanskje «samla dikt» eller noko slikt. Eg må verkeleg tenkje meg om. Dagbok eller kartotek manglar. Det var vel heller ikkje typisk for medlemmane i Profil-gruppa å ha rikeleg av akademisk litteraturkunnskap, noko eller mykje akademisk kunnskap ja, men utdanning innafor litteraturfaget? Nei.


Profil da?

Til det unglitterære tidskriftet Profil, som heldt til på Blindern, blei eg send, det skjedde på våren 1966, fordi eg kjende Tor Obrestad frå våre samtidige Elverumsopphald noko tidlegare. Og da eg møtte han i den store Blindern-bokhandelen for dei mange nye studentane, kom vi inn på Profil, som Tor no sat sentralt i. Dermed sende eg inn til tidsskriftet ein del av dei råferske dikta, tekstane, som eit halvår seinare kom ut i debuten BOK, i handskrift trykt pr det dåverande nye off set-trykk. (Trykkeriet Norsk Prent trykte jo også Profil.) Dikt utgjeve i handskrift i ein diktdebut var det vi kan kalle montasje i kontekst, altså å setje ting saman demonstrativt, element som ikkje pla vere på same plass, fordi det var grunnar imot det!

I høg grad var eg eit produkt av tida, særleg eit tidleg 1960-tal, men eg var også inspirert av effektar frå 1920-boomen, politisk og estetisk, helst galdt det sosialismen og avantgarden i Europa. Og eg raspa med meg også slikt som høglitterær fransk modernismekultur frå Verlaine og Rimbaud, hos Gunnar Høsts timar, fordi eg hadde ein venn og kamerat frå Elverum, Bjørn Myhre, som svært sikker på det byrja å studere fransk i 1964. Heile den nye franske boomen låg elles i tida, flagra gjennom fleire kunstartar og sjangrar, film og chansons, moter og veremåtar etc. og fann ein grobotn hos dei nye utdanna gruppene i Noreg. Av alle musikkpoetar var eg særleg hekta på den franske visepoeten Georges Brassens, som også følgde meg sidan gjennom åra.

Førebilete, eventuelt litterære førebilete, for meg? Ingen spesielle norske eller nordiske førebilete, utanom stor beundring for nordiske klassikarar, til dømes for dei norske Obstfelder og Uppdal.

Hos Profil var elles gruppa med den kraftige presentasjonen i nr 1 1966 lenge aller mest opptatt av å fronte og gjenoppdage europeisk høgmodernisme. Eg var ikkje der.


Personlege føresetnader for meg? Kan vi ta det den vegen?

Ta eit musikkdøme. Klassisk musikk sto lenge høgt i kurs også hos den framstormande skoleungdomen. Men det var eit tydeleg skilje innafor ei samansett gruppe av utdanna menneske i fleire aldrar. Mor mi, som var interessert i litteratur og slukte mykje, ho likte blant anna romanar, Wergeland og sjømannsviser. Far var frå bygda og hadde som ung spela litt til dans pr piano. Far min meinte Schubert og Beethoven og Chopin var bra, men Mozart var absolutt toppen av all musikk, det erklærte han for meg. Dette diskuterte vi ikkje, misforstå meg rett. For meg var Mozarts instrumentalmusikk eigentleg litt for støva og litt for sentimental, eg fekk ikkje skikkeleg foten på det når eg prøvde meg med å lytte. Beethovens innebygde humor og interne kontrastar og kast, og det eg oppfatta som dialog, *4 svarte mykje meir til mi estetiske legning og gjer det framleis. (Her ser eg bort ifrå Mozart sine operaer, som eg ikkje kjenner. Opera er ein heilt annan arena enn instrumental, opera er drama.)

Ja, eg interesserte meg ei tid for musikkteori på Blindern og ville gjerne forstå. Og all den symfoniske wienerklassisismen var riktignok bygd opp på kontrastar, kontrastar i styrke i rytme i uttrykk. Men likevel med spøk for seg eller lett menuett for seg, elegi for seg, kraft for seg. Banalt kanskje, i grunnen? Det var van Beethoven som byrja med det nye: kall det montasjen, komponisten kunne ta ein tyrkisk marsj eller meir mjuke danserytmar midt inne i eit monomentalt eller heroisk tema. Dette hadde kjempeverknad på meg, eg som også hadde mindre sans for stilleståande monokultur i lyrikken.

Og på det litterære området kan eg seie noko av det same om dette å oppfatte og skilje «klassikarane» i danningskulturen for Noreg (og til dels for andre europeiske land). Når det galdt far min igjen, så var Goethe i særklasse toppen av all litteratur, medan eg intuitivt fall for Heine sin bråe tyske skjebne, hans overtydande røynsler og overgripande tankar, i det som faktisk alle elevar kom borti gjennom skolebøkene. Ingenting var utanpåklistra hos Heinrich Heine, såg det ut for meg. Humor og sorg bak kom fykande der, slik som eit alltid skiftande midttrønderver over Levanger. Far min følgde lite med i tida på 60-talet, det må eg seie, bortsett ifrå oppbygginga av skoleverket, dette i motsetnad til mor mi, som blei påverka av dei yngre generasjonane.

Eg trur at eg hadde legning for kontrastar og montasje, ei legning som synte seg tidleg og som truleg gjorde meg mottakeleg for avantgarde. Eit døme: For 3 år sidan hadde 7. klassen min på barneskolen, vi som gjekk ut i 1957, ei feiring av 50-årsjubileum. Også begge dei to unge lærarane våre frå ”småskolen” var til stades på feiringa. Ei av dei to hadde med seg ei stor samling teikningar som blei laga i 2. og 3. klasse og som ho framleis både hadde ei slags oversikt over og var nokså opptatt av. Og ho forklårte meg at teikningane mine skilde seg ut både når det galdt kontrastar og manglande forsøk på ung harmonisering. Og dette var nok eit trekk ved teikningane mine, som klassen erkjende og sette pris på den gongen vi var ca 8 - 9 år gamle.

Når eg ein periode som 20-åring teikna med fargestift, brukte eg reine og stride fargar, altså slike fargar som eg brukte seinare i BOK, altså kontrastar, eg brukte reint gult, grønt, raudt og så vidare, svart, brunt, blått. Nokon teiknar blei eg aldri, men påverknad henta frå biletkunst-utviklinga og filmutviklinga og musikklivet trur eg har mykje å seie generelt i ein stuttvaksen norsk avantgarde på 60-talet. Jamfør Jan Erik Volds affinitet til jazzkultur og samarbeidet hans med fleire samtidige bilekunstnarar. Note her: Biletkunstnaren og forfattaren Øyvind Fahlstrøm kjende eg ikkje til før etter debuten min BOK. Derimot kjende eg til den danske konkretistpoeten Vagn Steen, men mest av avisomtale, ikkje av medviten søkande lesnad.

Jo, eg visste om dadaismen – og særleg dette med borgarleg smak, borgarleg rådande smak. Og i debutant-presentasjonen av meg for Dagbladet nemnde eg dadaismen som ein slektning. Eg fekk med ein gong tilsvar frå ein litt eldre lyrikar, frekt i avisa si bokmelding etterpå, at dette er da ingenting nytt.

I dei seinare åra har eg forstått at rett og slett fleirtalet av dei som kom til og var særleg aktive på 1960-talet, var inspirerte av avantgarderetningar førti år tidlegare, men dei sa det ikkje. Særleg galdt ein inspirasjon frå surrealismen, meiner eg. Men her fekk den særnorske affekten imot teori og imot all - innbilt eller ikkje innbilt - narraktigheit viktige poetar til å halde kjeft om ein sterk inspirasjon. I ettertid peika Georg Johannesen på surrealistisk inspirasjon for Ars moriendi. Porten for meg til debuten min, BOK, er tida si livskjensle pluss eit sprekter av kunst generelt. Og nøklar var dadaismen og surrealismen i internasjonal film og biletkunst og poesi, men utan at eg etterlikna noko som helst. Eg berre spelte på det kjende, f.eks Obstfelder, Bjørnson, folkepoesi, eventyr, Hamsun, Åsmund Sveen og aktuelle media, og eg stilte meg sjølv fri til å velje oppbyggjinga av tekster. Noko anna enn dette var umogleg for meg i 1966.


Harepusdiktet er ein montasje

La meg ta eit døme på tilsynelatande direkte litterær impuls, i det mest kjende diktet frå BOK, harepusdiktet. Vi skal sjå at montasje kan brukast som sentral forklåring: Diktet startar som dansk barnesong i første strofe, går vidare til Bjørnsons bondeforteljing (”reven lå”) og til folkeviseform, før diktet blir brote skarpt av med eit Obstfelder-liknande spørsmål på slutten. Det bråe avsluttande spørsmålet kjennest som montert på resten av diktet, gjer det ikkje?

I dei to første diktstrofene hadde det blitt etablert ein sterk rytme og eit dominerande bilete, som heldt barnesongen og Bjørnson og folkevisa noko saman.

Hvem vet hvem som hopper
så sakte omkring?
Det er vesle harepus det
det vesle ting

Hvem vet hvem som synger
så stille i lynget?
Det er vesle harepus det
det vesle tinget

Hvem vet hvem som går
så rolig i skyggen?
Hvem er det som snakker?


Dette er like mykje litterær parodi som det er litterær skole, og mest av alt blir diktet eit versifisert forma stort spørsmål, som går på livskjensle...

Byrjinga av 1960-åra var ei tid da eg lik andre unge menn hadde mannlege kameratar. Unge menn på den tida var opptekne av stilen til Knut Hamsun og det sosiale i Sult, ein roman med interessant mannleg hovudperson. I BOK gjer eg ein forteljande parodi på ein Hamsun-epigon (Idé). Og det finst allusjon til Hamsun i opninga av følgjande stutte montasje av ei mogleg erotisk soge kobla på ei enkel talrekkje:

Reise til Nordland. En. Frelst. To. Overtro. Tre. Regel.
Fire. Damen holdt på å gre håret. Fem. Sjel lå ikke i
håret. Seks. Åtte.


Her er det vel eigentleg ikkje så mykje igjen av Hamsun etter kvart som diktet skrid framover og brytest av.


Det skjedde i etterkant av 1966

Alt i alt hadde eg personlege føresetnader for den spesielle debuten min med BOK, men mykje i veksande vesle Noreg var fylt av tilfeldige omstende og skjedde ekstra hurtig på ei lita flate. Men noko var ikkje tilfeldig. Det er iallfall viktig å forstå det som skjedde med litteraturen i Noreg midt på 1960-talet (og dei aller nærmaste åra etter) som eit produkt av den strie tida internasjonalt; sentralmakta USA hadde veikna politisk imot 1965.

I mindre grad skjedde estetikk som direkte etterlikning internt i Norden innafor det snevre litteraturfeltet, iallfall i lyrikken. Dette vil eg iallfall setje fram som ein hypotese her. Og dette galdt vel også for tidsskriftet Profil sin eksperimenterande fase frå andre halvdel av 1967, der den russiske futuristen frå revolusjonstida, Vladimir Majakovskij, spelte ei viss rolle. Eg var med på å utforme nokre norske Majakovskij-omsetjingar, men Martin Nag og Hansmagnus Ystgaard var sterkast inne i biletet. Året 1968 kom med hektisk sosialistisk organisatorisk fase og med politisk avantgardisme, kvar som helst i alle dei landa som vi høyrde om.

Tilbake til BOK igjen. Rett etter utgjevinga av BOK fekk Jan Erik Vold telefon frå ein venn som meinte at tittelen på debuten låg for nære Tage Danielssons bok ”Tage Danielssons bok”. Då hadde eg ikkje lesi eit ord av Tage Danielsson, berre sett filmen Att angöra en brygga. Same kva meiner eg å hugse at vi ikkje tok innvendinga frå innringjaren særleg tungt. Og seinare kom aldri tankar om multikunstnaren Tage Danielsson opp frå nokon når det galdt debuten min, iallfall ikkje det som eg fekk melding om. Kanskje dessverre. Og kanskje hadde eg hatt godt av å lese Tage Danielsen, ein god forfattar i eit land som på den tida låg føre gamlelandet. Det skjedde også at eit uttrykk som ”teaterdikt” blei brukt i overskrifta av VG etter ei opplesing som eg hadde våren 1967 på Nansenskolen.

I etterkant av 1966 kom 1970-åra med småbarnsfase for meg. I 1970-åra kunne eg for så vidt ha vore avantgardist, men da var avantgardismen over. Betre vilkår for avantgardisme var det i byrjinga av dei påfølgjande åra, jamfør stuntpoetane.





NOTER/ SOMME AV KJELDENE:


* Jahn Thon: tidsskriftets forståelsesformer - profil og profilister 1959-1989.

* Åke Hodell: igevär, 1965. Her er boka nemnd berre etter minnet mitt. Eg veit ikkje kor viktig det er i denne samanhengen, men noko av grafikken hos Hodell er i slekt med Monica Aasprongs: Soldatmarkedet, på Gasspedal, 2003.

* Leksikonet Musikkens verden, Musikkens Verden A/S, Forlag, Oslo 1951, 2238 sider.

* Tania Ørum: De eksperimenterende tressere – kunst i en oppbrudstid, Gyldendal 2009, Danmark, side 139. Tania Ørum, som leier Nordisk Netværk for Avantgarde Studier (2005-2009), har gjeve ut artiklar og bøker om modernisme og avantgarde.

* Georg Johannesen: Ars moriendi eller de syv dødsmåter, Cappelen 1996, 2.opplag 1999, «Etterpåkloke etterord», side 77.

* Profil nr 2 1969: Dikt av V. V. Majakovskij.





Ps 22.april 2012:

På seminaret i Oslo om norsk avantgarde nemnde eg Heinrich Heine og Ludwig van Beethoven som partnarar. Lenge etter dei kunstnarlege møta mine med Heine og Beethoven, nærmare bestemt med diktbok i 2006, fekk eg lansert dikt til desse to, eitt dikt til kvar av dei. Det første diktet, som blei på bokmål, lyder slik:


ved grenser
(dialog med Heinrich Heine?)



En samler sine bøker, følger ruta veien hjem
de stakkars tyskerne da – det gikk så dumt med dem

Det gikk så dårlig med dem, for de laga ikke barneviser
og de kunne vel ikke plystre eller klare håndfaste beviser
Vi pakker våre saker og går veien hjem
de stakkars tyskerne da – plystrer vi i dem?

De har vel hatt si dødtid og kommer vel tilbake
blant dem kan vi ha venner og finne oss vår make

Verden er et ståsted, der det kan finnes venner
vi møter dem ved grenser -- som politiet kjenner!
De har vel hatt si dødtid og kommer vel tilbake
De kan være svake. Vi kan være svake


Tyskland er fuglenes land, og fugler plystrer



Det neste av desse to dikta med estetisk og ideologisk partnarskap for meg knytter det seg ei personleg soge til. Men først kjem diktet. Det har altså ei adresse til Beethoven, trur eg, både når det gjeld den banebrytande beaten hos komponisten, når det gjeld konflikt, sjølvsagt, og når det gjeld det inspirerande estetisk sjølvhevdande:


med Beethovenkomp



begge mine spalta eg
det var vi to om
i motgang og gjenkjenning

Utan nokon å stole på følte eg lite

unntatt utbrotet mitt
som skræmer
mine spalta eg mine spalta eg
det som nekta å nå og det utolmodige
det som nekta å nå

heldt meg praktisk talt frisk
i Universitetets aula
med Ludwig van Beethovenkomp
og Thelonious Monk



Den personlege soga var slik: Far min, som hadde noko utdanning i psykologi, men verka som pedagog, meinte på eit visst tidspunkt at eg leid av schizofreni. Likevel når det galdt tilhøve i familien, brydde han seg ikkje om å forklåre og diskutere og følgje opp ting; slik at eg veit ingenting om - og kan berre gjette på - kva han tenkte. Iallfall prøvde eg i diktet rett over, mange år seinare, og etter at han var død, å finne splitting i meg sjølv og prøvde å vere forskande på den måten, og slik kom eg opp med Beethoven-diktet. Elles trur eg ikkje at eg hadde hallusinasjonar på noko tidspunkt - . Schizofreni er nok utelukka.