Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Draumar og gevær

Publisert 2011-11-09 09:45:05, sist endret 2016-06-10 09:39:09

Draumar og gevær

Journalist og poet Asieh Amini
Foto: New Secularism (e-magasin)
Dei første av asylsøkjarane som kom til Kragerø på slutten av 1980-talet, det var fem menn frå Teheran. Og tidleg kom jugoslavar/ Kosova-albanarar og chilenarar. Etter kvart som tiåra gjekk lokalt hos oss, så var det blitt representantar frå eit halvt hundre land som arriverte med usikre miner og blei tilknytta og knytta til mottak og norskopplæring.

Eit par av dei nemnde første fem frå Teheran dei blei straks sysselsette og verande sidan; men relativt mange av dei iranske asylsøkjarane i Kragerø flytta likevel til Oslo av ulike grunnar, etter ei tid. Blant anna gjorde den unge guten det, han som vanka på «Den bohemske ambassaden» og hadde journalist- og forfattarambisjonar.

Gjennom fleire asylsøkjarar til byen fekk eg innblikk i gammal og stolt persisk lyrikktradisjon, til dømes fekk eg sans for Omar Khayyám. Tradisjonen kunne vere både knappe uttrykk i enkelte tilfelle (slik som med Khayyám), eller like gjerne får vi møte det orientalsk blomstrande og utpensla.

*

Dette som ei innleing til ein av fribyforfattarane i Noreg, Asieh Amini, som Trondheim tok imot i 2009. Ho er iransk, og ho er både både poet og menneskerettsaktivist. Viktige 60 sider poesi av henne er utgjevne 2011, i gjendikting frå persisk av allsidige Nina Zandjani.

Først ei påminning: På denne nettstaden dyrkar eg heile dikt og innhaldet i dikt, fordi dette er innfallsport til sjangren. Får eg berre med meg diktet? tenkjer eg. Eller skjønar eg at dette kan eg lese og kanskje like. Med ein gong fall eg for eksemplet frå side 42:



En
står over meg
og truer:
«Ikke snakk!»

En sitter overfor meg
og råder:
«Ikke snakk!»

En
sover ved siden av meg
og nynner: «Ikke snakk!»

En er inni meg
og skremmer meg: «Ikke snakk!»

Slik
er minnene til journalisten
som ikke snakker.



Diktet er datert 25. juni 2005. Her går det mellom anna fram ein vanskeleg situasjon for eg-personen som journalist (i heimlandet). Og dette er altså ein situasjon for henne frå åra 2004 og 2005. Første halvdel av boka handlar om nett to samanhengjande kritiske år.

Eit anna dikt frå 2005 er slik:



Så fint
at jeg ikke er Noa.
Hvilken spurv ville jeg
satt igjen,
og hvilken tatt med?



Vi kan gå tilbake i verdssoga. Iran har ein feira sivilisasjon som har hatt stor innverknad på andre sivilisasjonar, mellom anna på den arabiske. Mange iranarar som norske møter, kan vere stolte eller temperamentsfulle folk, det er røynslene mine. Og kor finn vi så det både utpenslande og utagerande diktet? Alt på side 10 møter vi dette diktet om død:



Jeg mistet mannen min i én krig,
jeg mistet min sønn i én krig
og far i en annen.
Jeg ga min datter til en mann
jeg trodde hun skulle bli gammel med.

Krigen kom,
datteren min vendte hjem igjen
med øyne som ild.

Drømmene mine omdannet krigen til aske,
ønskene mine eksploderte i bølgene,
kjærligheten min ble kjemisk.
Se trevlene i hendene mine,
krummingen i ryggen og
det slørete blikket i øynene mine.

Å, alle menn i verden!
La meg få fred et sekund,
for prisen av oljebrønner og gassledninger i landet mitt.

Å, alle menn i verden!
Som en hund har dere flerret skjorten av landet mitt.
La meg få fred et sekund,
så jeg får gråte ved graven til mine kjære.



Dette er eit antikrigsdikt. Blant anna dette diktet er grunnen til at ho har vald tittelen på boka så drastisk, tittelen: Kom ikke til mine drømmer med gevær. Når eg høyrer slike ord, tenkjer eg på den amerikanske visa som Cornelis Vreeswijk gjendikta på svensk: «I natt jag drömde något som jag aldrig drømt förut. Jag drömde det var fred på jord och alla krig var slut.»

Kva er det viktigaste innslaget i Asieh Aminis bok? Det lengste og viktigaste innslaget er diktet Kalde onsdager. (Står heilt til slutt i boka.) Dette er nok det aller sterkaste diktet. Diktet inneheld åtte dagboks-liknande mindre dikt, som alle skildrar kortfatta avretting av politiske fangar, mellom anna av kurdarar og ungdommar... Generelt er Asieh Amini ualminneleg dyktig til å overføre rapportør-rolla frå journalistikk til poesi.




Om gjendiktinga og bruken av boka

Kor godt Nina Zadjani har gjendikta Asieh Amini kan eg, på grunn av manglande persisk-kunnskapar, ikkje slå fast her. Men den slyngande persiske originalen frå høgre mot venstre (med arabisk skrift) er attgjeven på kvar motståande bokside. For dei etter kvart mange i Noreg som er kyndige i både persisk og norsk, er boka ei dobbelt fin kjelde til poesi. Dikta kan vere eit velkome møtepunkt mellom etnisk norske og iranske innvandrarar. Og den norske poesien kan lære mykje av Asieh Amini. Forlaget Communicatio i Trondheim har gjort ein viktig jobb. Og Norsk kulturråd og Institusjonen Fritt Ord har all ære av denne utgjevinga, som dei har støtta.





Lenke:
Fleire viktige gjendiktingar til norsk har komme i det siste. Ein annan friby-forfattar som har debutert med dikt på norsk i år, er Gilles Doussou-Gouin frå vestafrikanske Benin .