Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Fisken sine planar

Publisert 2011-11-03 14:28:33, sist endret 2014-02-14 18:37:10

Fisken sine planar

Foto: Rudolf Svensen.
Seien er ein straumlinjeforma god symjar. Har rett og ljos sideline og har underbitt. Les båe dikta under.
Kva er tankane til fisken? Hos Torbjørn Egner har dyra reint saklege tankar om dette å bli etne. Vi møter det i Hakkebakkeskogen og i Egner sin tidleg populære visekunst. Opninga på visa om Lofottorsken er prega også av menneska si nasjonsbyggjing:


En ekte Lofottorsk jeg er,
for jeg er født i Henningsvær.
Fadderullan dei, fadderullan dei,
fadderullan dullan dei

Den gang var jeg et torske-egg,
nå er jeg voksen torsk med skjegg.
Fadderullan dei…….

Nå er jeg selv blitt torskefar,
og hundre tusen barn jeg har.
Faderullan dei……

Da jeg var lite torskebarn,
jeg passet meg for krok og garn.
Fadderullan dei…….

Jeg gjemte meg for sild og sei,
for alle ville spise meg.
Faderullan dei……

Men nå er jeg blitt stor og slem,
nå er det meg som spiser dem.
Fadderullan dei….


Ofte er det slik visa sluttar, i mange oppskrifter gjer ho det. Men denne visa har opphavleg tre strofer til, og også desse tre hugsar eg godt frå oppveksten i 1950-åra, særleg dette med «fins garn av alle slag». Og eg var den gongen teknisk interessert i sjølivet. Her er slutten på visa:


Men når jeg ser en fiskemann,
da rømmer jeg så fort jeg kan.
Fadderullan dei, fadderullan dei,
fadderullandullan dei.

Men det fins garn av alle slag,
jeg blir nok tatt en vakker dag.
Fadderullan dei, fadderullan dei,
fadderullandullan dei.

Hvis én til slutt skal spise meg,
så håper jeg at det blir deg!
Fadderullan dei, fadderullan dei,
fadderullandullan dei.


Vi går til seien. I det neste diktet, eit nyare eit - som er skrive av Roy Olav Hovlid - er nok seien sine menneskelege eigenskapar forstørra. Eller så tenkjer eg at menneska, som seiane er gjort til bilete på her, blir einsretta på slik måte som forholda i ein fiskestim krev. Seien er i alle høve ein utprega stimfisk.

I diktet har ikkje seien fått den nasjonalt oppbyggjande rolla som torsken fekk hos Egner, og jamfør med «juletorsk» som tradisjon, og jamfør med klippfisk, ein stor eksportartikkel til bacalao. Seien er velkjend over alt i Noreg og ikkje lokalisert i folks medvit slik som det feira Lofotfisket av skreitorsk er. Om torsken .



SEIEN (Pollachius virens)




Palen eller dassmorten om du vil, den leker med livet
Den vet ikke sitt eget beste!
Den spiser når den ikke er sulten
Den kan være sulten når den leker
Dassmorten frykter ikke døden den feirer livet.

Klakkeseien er travel.
Klakkeseien liker å klaske buk mot buk
Han tenker kjærlighet – og nesten bare det
Spiser han - så spiser han fordi han må.
Fanger du han så forstyrrer du han i jakten på kjærligheten
Klakkeseien er omgitt av maker
Han bader i kjærlighet
Klakkeseien jakter likevel.


Storseien den drømmer
Storseien drømmer om mat servert på et fat
Om reker og fisk som kommer fallende fra overflaten
Storseien er pensjonist og opptatt av maten
Storseien svømmer sakte
Storseien drømmer
Storseien vet ikke at han deler drømmer med fiskeren
Storseien vet ikke at han drømmer om døden.


Dette er, kva eg vil kalle, konkrete dikt. Og dette er stramt. Stilen i dei to dikta er stram på ulike måtar. I det første diktet er det nok rima, delvis med riminnslag frå skillingsvise, som gjer det stramt, saman med den knappe og likevel dramatiske torskeforteljinga og det stødige og folkeleglystige fadderullanrefrenget.

Kva så med seidiktet? I seidiktet er det kontrastane mellom dei tre seifasane (mort, klakkesei, storsei), og det er den oppbygd dramatiske parallellføringa, som saman med det nøkterne og forenkla skildrande språket, alt dette, som står for det stramme. Ein annan ting er at det leggjast eit eksistensielt alvor over heile diktet, etter som strofe 2 følgjer på strofe 1, og strofe 3 på strofe 2.

Det er viktig med undrande fiskedikt i ei tid med overhendig produksjon og eksport av oppdrettsfisk og eit grenselaust oljeeventyr.



Ps: I Noreg har forfattaren og kulturpolitikaren Torbjørn Egner hatt stor innverknad. Leseverka for skolen må nemnast. For meg er hovudverka hans, sett litterært, dei mindre «Lofottorsken» og «Dyrene i Afrika», samt det store «Dyrene i Hakkebakkeskogen». Alle tre verka skildrar at levande vesen et kvarandre og gjer klårt det moralske i at «ein et kvarandre, og ferdig med det.»