Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Systemdikt - ? Litt om Inger Christensens det

Publisert 2004-11-21 10:34:17, sist endret 2016-10-14 21:52:04

Systemdikt - ? Litt om Inger Christensens det

Inger Christensen
Foto: Rigmor Mydtskov
1. Første notat
Vi startar i Noreg midt i 1960-åra. (Men hovudeksemplet blir dansk.) Da Georg Johannesen i 1965 gav ut dikta «Ars Moriendi eller de syv dødsmåter» (kunsten å dø, eller kunsten dør, - tru?), var det brukt system og dei sju dødssyndene etter tur gjennom kvar si veke alle dei sju vekedagane med dikt etter dikt på tre ganger tre vers. Men ikkje det enklaste å lese for nokon lesar, heller ikkje i dag, meiner eg, med desse dikta sine tankesprang og mørke bilete. Men boka er for lengst utropt til den beste norske diktsamlinga i det førre århundret.

1960-åra er tida og tiåret for systemdikt. Men Aftenposten klaga i vår over at mange diktsamlingar frå dei farne 1990 måtte lesast som ein heilskap det var vanskeleg å sitere og halde opp eit enkeltdikt ifrå; med andre ord at det fanst altfor få heilt gode enkeltdikt frå denne lyrikk-litteraturen til ettertid og etterbruk. Slike lite etterprøvbare lesesystem frå 1990-åra vil eg stille eit spørsmålteikn ved på denne nettstaden, ved å halde opp andre og kanskje betre systemdikt.

Strenge og opnande system i kunsten er ikkje noko nytt i mi tid, men fenomenet finst til alle tider i alle kunstartar, i musikksoga finst utvikla former som barokkens fuger, kreps - og wienerklassisismens feira sonateform. System i lyrikken kan også kjennast i dei strengaste metriske versemåla og ikkje minst i den universelle viseforma med eit innebygd logisk eller fornuftig omkved/ refreng. Diktaren skaper seg kilo i løftet og motstand i språket, lesaren kan like å oppleve motstand. Og språket i viseforma blir ikkje berre innordna metrikken, men også eventuelt innordna danserytmen (slik som hos Prøysen) eller til overmål innordna det meiningsfulle omskiftelege refrenget.

System hjelper på tanken. System kan også hjelpe orda til å festne seg, som vi veit. Året etter at Georg Johannesen gav ut «Ars Moriendi eller de syv dødsmåter» kom Jan Erik Volds «blikket» ut, ikkje berre eit systemdikt, det er også konkretistisk dikt og permutasjonsdikt, i og med at ei enkelt setning blir kasta om og om, slik at orda opptrer i alle tenkjelege kombinasjonar. I mikrofonen les Vold diktet opp intenst (synst eg) med stødig tempo/ rytme. Walter Baumgartner skriv: «Det minnet meg med en gang om trommesoli av Max Roach som (til forskjell fra McCall) spiller intellektuelt klart, melodiøst og gjennomsiktig strukturert.»

Oppsummeringsvis har vi enkeltdikt (eller eit dikt strekt gjennom ei heil bok) som systemdikt, slike døme som Jan Erik Volds «blikket» eller vi kan ta det kjende beviset frå boka «kykelipi», nemleg hans stadig ønska folkelege opplesingsdikt «kulturuke». Diktet er laga på ein enkel «datamaskin»-teknikk som går tilbake til Guillaume Appolinaire sitt dikt «Linda». Men folk må sjå og ikkje gløyme det menneskelege i diktet til Vold. Vi har også gode døme på enkeltvise systemdikt i refrengvisene frå Alf Prøysen, slike som «Slipsteins-væilsen», «Vårvise», «Æille så nær som a Ingebjørg», «Æille har et syskenbån på Gjøvik» og «Så seile vi på Mjøsa». Fire av desse visene kom i bokform saman med andre viser i 1969. Eg vel å nemne dei fire saman med systemverk av «Ars Moriendi»s kaliber, som er store verk med enkeltdikt i/etter eit visst strengt felles system. Det finst gode døme på dette systemorienterte og vitskapsmedvitne i litteraturen frå grannelanda våre, meir enn hos oss hittil, dersom eg har riktig oversikt.

Den største nolevande systemdiktaren i Norden, er så vidt eg kan sjå, Inger Christensen. Og mange meiner at bøkene med systemdikt er hovudverket hennar, ikkje minst «det» som kom ut i 1969 som hennar tredje diktutgjeving. I «Samlede digte» 3. opplag 2001 tar diktverket «det», som viser opp så mykje som 8 x 8 x 3 =192 dikt, pluss lang prologos og lang epilogos, aleine heile 240 vaksne sider. Og avdelingane «Handlingen symmetrier» og «Handlingen transitiver» strør utover versemål.

Eg skal sitere eit enkelt diktbevis frå henne. Elles snakkar vi, når det gjeld Inger Christensen, om ei system-dikting som hentar komposisjonell struktur frå matematikk, musikk, grammatikk og andre vitskapar. Du kan kjøpe Samlede digte på Norli, Universitetsgata, eventuelt tinge dit pr brev/ epost. Hennar systemdiktbok Alfabet (1981) er omsett/ gjendikta til norsk av Liv Lundberg i 1997 (Pax). Du finn danske artiklar om Inger Christensen på litteratursida. Her vrimlar det av tilvisingar til artiklar og analysar. I byrjinga handlar det om «Alfabet». Og berre sjå godt nedover, så kjem du også til boka «det»!


2. Andre notat
Der er mandskaber anbragt de mest usandsynlige steder
med tanks camoufleret som store befrugtede sten
De tænker på deres ration af sandsynlige glæder
men glæden er ofte et hastigt muterende gen

De er anbragt af hensyn til utbyttegivende truster
Deres stilling er frugtbar for staternes økonomi
På forhånd er bomben de kaster et misdannet foster
På forhånd er bomben en sprængt fantasi

Deres time skal komme som om den var kommet i drømme
Som om deres sperma var overophedet trotyl
Som om deres tanker var stærke elektriske strømme
Deres skrig en kopi af sirenerens hyl

Tilbage bliver kun et evindeligt sørgeligt gensyn
med noget der aldrig blev andet end slået ihjel
Tilbage bliver kun de strengt økonomiske hensyn
de få der har magten kan tage til sig selv


- - -
Framhaldet, det neste diktet (s 213) i HANDLINGEN transitiviteter, byrjar slik:

Deres omgang med sole og andre tilfældige stjerner
har lært dem at regne med massernes grå innerti
De bygger en kirke af slagger fra udbrændte hjerner
og satser på alle slags statisk bestemt strategi


- - -
Fem dikt seinare i boka kjem det diktet plassert blant dei som er i/for «Den nye danske poesikatalogen» 1970, ein «katalog» utgjeven på norsk grunn, nemleg i bok-serien Paxlyrikk. Dette diktet blei folkesong og er enno folkesong i Danmark. Første strofe lyder slik:

Så dyrker de korn på et alter i Chile
Så hælder de mælk i en gammel kanon
Så stabler de ved af forgiftede pile
Så planter de ris på en tabt bastion

- - -

appendiks

1. Walter Baumgartner i boka «Jan Erik Vold og Jan Erik Vold», Ole Karlsen(red.) 2000. Volds «blikket» blei sampla av Baumgartner og deretter spela i NRKs «På kritikertorget».

2. Frå diktsidene mine kan eg servere tre eksempel på dikt som er inspirerte av system, eit frå BOK og eit frå Poesi og eit frå Draken i solbærbuskane. Dvs. først eit slags «sifferdikt». Deretter eit slags «typografisk» dikt. Så eit «refrengdikt»... (Mange dikt kan lesast eller analyserast som system, dersom ein reknar inn større og mindre grad av system eller vanskelege kvalitetar sett i system.)

3. Likesåvel som eg har vist til Alf Prøysens refrengviser, kunne eg vist til Arnljot Eggens refrengviser på slutten av 60-talet og byrjinga av 70-talet, brukt i media (t.d slik «Bakside-viser» kom enkeltvis i Fjernsyn, og andre viser kom gruppevis seinare på teaterscenen). Eggen hadde ei utvikling i formspråket delvis parallelt med Inger Christensen - og det tilsvarande sterke engasjementet for samfunnet. Og ein kan vel også seie at det politiske i dikt er nok eit «system», på fleire måtar, og noko som dikt kan finne motstand i, eventuelt leve innafor. Media, ja - : For min del ventar eg framleis på (og eg får nok oppleve det) artistar som kan bringe og sende Eggens vakre sikre versifikatoriske systemdikt vidare i media.

4. Opplysningar om Inger Christensen: Ho blei fødd 1935 i Vejle. Hennar to første bøker var «Lys» og «Græs», alt i 1962 og 1963. Det gjekk dermed seks år til «det» kom ut. Etter «det» venta ein heile ti år til det neste verket med «systemdikt» kom ut, «Brev i april». Vel, «Alfabet» kom ut to år etter «Brev i april». Inger Christensen har også skrivi essaybok, fleire skodepel, romanar og barnebøker. Så: Dei siste dikta eg har sett av henne, er «Sommerfugldalen», ei tett og innsiktsfull og biologisk sprek rekkje av 15 likeforma og kunstferdig samankjeda sonettar, dette er noko som representerer ei nesten uoppnåeleg systemutfordring frå verdslitteraturen. Verket er med i Samlede digte, utgåva eg viste til i sal på Norli.

5. Poeten, visesongaren/ komponisten og romanforfattaren Pia Raug laga tidleg ei plate som bygde på Inger Christensens det, ei plate som har gått i store opplag. Eit av spora, «Så dyrker de korn på et alter i Chile», er blitt ein folkesong i Danmark.



Kjelder:

* Inger Christensen: Samlede digte, 3.opplag 2001.
* Georg Johannesen: Ars Moriendi eller de syv dødsmåter, 1965 .
* Jan Erik Vold: blikket, 1965.
* Alf Prøysen: Så seile vi på Mjøsa, 1969.
* Arnljot Eggen: Bakside-viser, 1970.