Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Ein framand i Hustadvika

Publisert 2011-08-19 16:01:44, sist endret 2012-09-23 11:05:21

Ein framand i Hustadvika

Dikt av Gilles Dossou-Gouin.
Foto: Norsk forfattersentrum
Gilles Dossou-Gouin har gjeve ut boka En fremmed i Hustadvika. Dossou-Gouin kjem frå Benin, eit vest-afrikansk land. Hustadvika utafor Romsdalen er kanskje noko av det meir norske som finst. Enda det svære området Hustadvika knapt fortener namnet sitt «vik». For med ordet «vik» tenkjer vi på noko roleg og skjermande. Hustadvika er mykje meir eit ope havstykke imot Atlanterhavet med lumske skjær innafor, slik at storm eller orkan kan få fullt spelerom og sende mindre båtar i ulykke.

Dette havstykket reiste eg fleire gonger tvers over med den eldre og lange Hurtigruta, på strekninga Molde - Trondheim. Farmorfamilien min anten budde på, eller kom frå, øya Ona heilt ytst i havgapet utanfor Romsdalen og Molde. Eg hugsar at eg som liten om natta i lugaren datt ut av senga og ikkje ned på den harde dørken, men ned i køya under. Eg såg sjølv veret som kunne komme over Hurtigruta og Hustadvika og få alle fartøy til å rulle kraftig og dessverre også lage ulykkelege skjebner. Nok om det.

Gilles Dossou-Guin jobbar i dag som sveisar ved sida av å vere poet, noko han utnyttar kraftig i det første diktet av to støe og frodige dikt, som eg siterer frå byrjinga av boka (side 10 og side 13):




Der i Hustadvika



Fjordenes elektrolytter
hvor anoden fordriver
de positive inoer
for i sine flytende forbindelser
å gripe de usvekkede katoder.
Du her i Hustadvika
galvanisert i ditt naturlige ytre.
I mitt negative potensiale
jeg, her, stål
for å tiltrekke ditt positive potensiale.
Du sink
som slett ikke korroderer.
Der i Hustadvika
under tidens sved
i din kontraksjonsløse dilatasjon
eser jeg, volumiøst, ut
idet du smelter i ditt likvifiserte dyp.
Klebrige skapning
dine kalde tårer
styrker din klebrige kropp,
foren mine energier
ved din sammensmelting.
Fold deg ut
og få tilbake
din opprinnelige form.
Der i Hustadvika
gråter måkene
over varmesammensmeltninger.
Og rosene
som nekter å folde seg ut
kryper sammen
uten en rynke.





Det teknisk oppsamla ved fabrikkproduksjon finst elles i norsk poesi berre hos Bjørn Aamodt med hans moderne systemdikting, eller det finst utvikla berre i somme av Kjartan Fløgstads monumentale sosiale romanar. Altså er det noko heller sjeldant.

Fabrikkproduksjon er eit svært konkret utgangspunkt for poesien, merkar vi hos Dossou-Gouin. Vel. Eit anna konkret utgangspunkt for dikta i boka er det levande under havflata. Og dette kan komme sterkt til syne, slik som i diktet «For å gjenfinne min barndoms språk i Hustadvika» (side 13). Det er elles Jan Jakob Tønseth som har vald ut og sett om dikta i boka til norsk frå fransk. Tønseth er ein kjennar av den franske symbolismen.




For å gjenfinne min barndoms språk i Hustadvika



I en umenneskelig malstrøm
er jeg en prins i eksil
som skriver på denne Hustadvikas medfølelsens bølge,
min messebok,
i selskap med breiflabb
kveite
blåkveite
smørflyndre
sukkende lomre
i deres selskap i deres nattetrolldom.
De danser og duver
mens de lytter til min prosa.
Rognkjeksen piler av sted
ved lyden av min saksofon.
Horngjelen,
brosmen
kaster ut sine laserstråler,
snart røde, snart blå
for å gjøre min penn
til en strengeløs, romantisk lyre.
så kommer den angende vinden
under månen til den brune huden.
Alt er der: Rødspette
kolje
sei
steinbit
uer
ulke
lysing
hvitting
torsk
får det til å gå rundt for meg.
Underlige, duvende dyr
som inspirerer meg
ditt havfruhår.





Elles er det å fortelje at Gilles Dossou-Gouin måtte flykte frå Benin etter utgjevinga av romanen L'maginaire et le Symbolisme de Dieu i 1996. Han gjekk i eksil. Og han blei vald til fribyforfattar i Molde for åra 2005-2007. I Benin var han forfattar og journalist, i eit afrikansk land med fransk som offisielt språk, noko som fortel at Benin har vore fransk koloni tidlegare.

Ein fransk forfattar, Paul Valery, har skrive eit svært kjend havdikt («Havkirkegården» på norsk). Lenger ute i boka til Dossou-Gouin finst fleire sitat frå dette havdiktet, eg nemner tittelen «Tidens tempel», etter eit utgangssitat frå Valery, sett om slik: «Tempel av tid et enkelt sukk kan tære» (side 30). Diktet som følgjer her, er blitt aforistisk og samtidig frodig og drastisk:




Tidens tempel



Farlige slanger til tross,
framtida blir grønn.
Til syvende og sist:
Å drømme er å vite.
Selv mennesker ber de underjordiske om råd
for å gjenskape
en skjønnhetens solenergi,
en evighetens grønne energi,
et grunnlag for fossil energi.
Det irrasjonelle som følger derav
har åpnet for andre perspektiver
i dette tidens tempel,
i dette templets tid
som en rallen sammenfatter.




Litt om Paul Valery

Paul Valery har eg ei soge om, som eg tillet meg å ta med. Eg såg grava hans i Setè, ein liten fransk fiskarby ved Middelhavet. Dette var i 1963 under ein lang sykkeltur som eg hadde sørover i Europa på haustparten. Grava var eit stort monument. Eigentleg var eg langt meire interessert i byen sin andre store poet og personlegdom, Georges Brassens. Eg visste ikkje før eg drog frå Noreg at Brassens og Valery var frå same vesle by ved Middelhavet. Etter den lange sykkelfarten kjøpte eg ei nyleg utgjeve fransk pocketbok med Brassens-tekstar. Der gjekk det fram at Brassens let seg demonstrativt fotografere ved grava til Valery i 1955. På det tidspunktet hadde Valery vore avliden sidan 1945, medan Brassens hadde grodd fram som visesongar i Paris. Både Valery og Brassens bruker klassisk gresk oldtidmytologi som bilete, skjøner eg.

Etter å ha lese Gilles Dossou-Gouin dikt frå Hustadvika, vil eg ta fatt på Valery. Her er den franske teksten på «Le cimetière marin» saman med ei engelsk bokstaveleg omsetjing av diktet. Valery sitt store havdikt handsamar myter. Men eg veit ikkje heilt kva hos Valery som aller mest har inspirert poeten frå Benin, er det fransken, er det mytene eller er det symbolismen. Kanskje havet.

Den norske - i delar atonale - komponisten Fartein Valen (1887-1952) skreiv musikk til «Kirkegården ved havet». Dette var Fartein Valens mest kjende verk. Kort om Valery: Paul Valery skaffa seg kunnskapar om kunst, musikk, religion, filosofi og soge, og han jobba også for FN.



Her er elles eit ferskt Nrk-intervju med friby-forfattaren Gilles Dossou-Gouin, tatt opp i eit blåsende nærmiljø på Nordvestlandet.